NTNU IT Forskningsstøtte
High Performance Computing (HPC)
IT-støtte for PhD
Labinstrumentering
Research Software Development (RSE)
Kontakt oss
Vi tilbyr IT-fagleg støtte til alle studentar og forskarar med IT-utfordringar i forskinga si. Vi hjelper deg om du ikkje heilt veit korleis du skal begynne på eit prosjekt, om du står fast, eller om du treng nokon gode råd. Vi støttar deg med dei fleste IT-relaterte problem, og kan generelt hjelpe deg med å finne frem i dagens teknologiske jungel.
Dersom du har eit litt meir omfattande problem, kan vi vere behjelpelege ved å møtes på Teams, eller i våre lokalar:
Støttegruppa for forsking er leia av Anders Christensen ved Seksjon for IT-utvikling.
Vi har erfaring
Vi er vande med å jobbe i miljø for forsking og kjenner behova innan:
- Visualisere data
- Teknisk berekningsvitskap
- Søknadar for forsking
- Oppsett av vitskapleg programvare
- Kodehjelp
- Feilsøking av kode
- Formidling gjennom 360° video
- Samarbeid i VR
- Kopling av kode saman med sensorar og andre instrumenter
Dersom vi ikkje klarar å løyse problemet ditt direkte, veit vi kven vi skal kontakte i NTNU si IT-avdeling for at du skal få best mogleg hjelp, raskast mogleg.