Lab-teamet
Om Lab-teamet
Vi arbeidar med IT-utstyr på laboratorium, deriblant innsamling og handtering av data med IT-utstyr. Fyrst og fremst jobbar vi med det IT-utstyret og tilhøyrande programvare som ikkje kan handterast med det vanlege, standard oppsettet for PC-ar.
Vår bakgrunn er drift av IT-utstyr på oppsett for laboratorie ved blant anna NV- og MH-fakulteta. Vi har erfaringar frå eit svært bredt spekter av oppsett av IT-utstyr på lab, og for et mangfald av ulike typar laboratorium.
Vi forstår dei spesielle behova som situasjonar i lab krev, blant anna oppetid og stabilitet under forsøk, behov for å støtte lab-PC-ar som bruker gammal og utdatert programvare eller reparasjonar på gammal maskinvare for å halde liv i viktige lab-instrument som elles ville vore ubrukelege.
Vår erfaring
Vi har lang erfaring frå å jobbe med IT-utstyr i laboratoriesamanheng, blant anna:
- Oppsett av klient-PC med spesiell programvare.
- Oppsett av PC-er med spesiell maskinvare og tilhøyrande drivarar.
- Kopling av lab-PC-ar på sikra datanett.
- Handtering av lab-PC-ar med persondata.
- Fjernstyring og overvaking av PC og forsøk frå heimekontor eller annan campus.
- Oppsett av Aurora for å hente ut forskingsdata frå instrumenter automatisk.
- Oppsett av PC med Linux.
- Virtualisering i tilfelle med gamal maskinvare eller utdatert programvare.
- Sikring av stabil drift for PC-er i lab-oppsett.
- Spesielle PC-oppsett, f.eks. i tilfelle med sporadisk nettverk.
- Oppsett av enkel dataflyt og konvertering av forskingsdata frå lab.
- Rådgiving i forbindelse med val av IT-utstyr ved oppsett av lab.
Ta kontakt
Vi kan hjelpe deg med:
- Gi råd og tips så du sjølv kan komme vidare.
- Peike til dokumentasjon osv. som kan hjelpe deg vidare.
- Vise til andre ved NTNU, dersom dei betre kan hjelpe deg enn oss.
- Avtale tidspunkt for eventuelt å kunne hjelpe deg seinare.
Ofte er konklusjonen at det trengs temmeleg omfattande innsats i tid og pengar for å komme i mål med ein konkret utfordring. Da er det ikkje sikkert at vi har kapasitet, men vi kan bli med på ein diskusjon for å sjå korleis moglegheiter som finst.
Avtal eit møte med oss i NTNU Hjelp.