Seksjon for opptak og internasjonale relasjoner - Avdeling for utdanning
Seksjon for opptak og internasjonale relasjonar
Seksjon for opptak og internasjonale relasjonar
Seksjonen er ansvarleg for NTNUs opptaksprosessar og internasjonale relasjonar på utdanningsområdet, og er tenesteleverandør til institutt, fakultet og eksterne samarbeidspartnarar.
Seksjonen er delt inn i to einingar:
Eining for opptak handsamar lokalt, nasjonalt og internasjonalt opptak av studentar til NTNU.
Eining for internasjonale relasjonar har ansvar for behandling og mottak av internasjonale studentar, studentutveksling og forvalting av internasjonale program som Erasmus+ ved NTNU.
Tjenester og kontakt
Opptak
Vi administrerer og handsamar opptak til studium ved NTNU, både nasjonalt gjennom Samordna opptak, lokalt opptak ved NTNU og internasjonale masteropptak. Vi har ansvar for informasjon til søkjarar, studentar og tilsette ved fakultet/institutt om opptaksprosessen.
Vurdering av utdanningsbakgrunn
Ved opptak til studium ved NTNU gjennomfører vi vurdering av norsk og utanlandsk utdanningsbakgrunn for å kontrollere at opptaket blir gjennomført etter gjeldande lover og forskrifter. Vi bistår fakultet/institutt med vurdering av utanlandsk utdanning i til dømes opptak til ph.d-studium.
Avtaleforvalting, ansattmobilitet og studentutveksling
Vi forvaltar NTNUs 500+ utvekslingsavtalar med utanlandske partnerlærestader, og hjelper fagmiljø med oppretting av nye og vedlikehold av eksisterande avtalar. Vi handsamar søknader frå NTNU-studentar som vil reise på utveksling, utanlandske studenter som vil kome på utveksling til NTNU, og tilsette som ønskjer å dra på ansattmobilitetsopphald i utlandet. Vi tilbyr gruppevis og individuell rettleiing om moglegheiter og prosedyrar for utanlandsopphald.
Mottak og bistand for internasjonale studentar
Vi administerer og koordinerer NTNUs mottaks- og informasjonsprogram for nye internasjonale studentar kvart semester. Dette inkluderer velkomst- og informasjonsmøte, sosiale opplegg og tilrettelegging for informasjonsflyt til nye studentar fra utlandet. I tillegg følgjer vi studentane gjennom immigrasjonsprosessen før og etter framkomst til Noreg.
Erasmus+
Vi forvaltar NTNUs deltaking i Eramsus+-programmet og yter administrativ bistand til fakultet/institutt.
For kontaktinfo og besøksadresse, sjå nettsidene for kvar eining: