Bakgrunn: Ein del av moderne arkitektur inkluderer bygg med reine linjer og små eller usynlege takustikk. Samstundes har vi no i Byggforskserien åpna for å bygge lufta tretak med låge takvinklar, ned mot 1,6°. Slike flate lufta tretak fordrar auka sikring mot inndrev av regn og snø i luftespalta under taktekninga. Per i dag inkluderer Byggforskserien anbefalingar om utfellingskammer. Ofte krev slike løysningar for mykje plass og gir ein utsjånad som ikkje er ønskeleg. Løysinga er heller ikkje anbefalt for bygg som har ei plassering som gir stor risiko for inndrev.  

Spørsmålet blir då korleis inndrevsikre detaljar for å redusere risikoen for fuktskadar i konstruksjonen kan utformast.

Eksempel på moderne bustad med knappe takutstikk

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med Norgeshus sitt forskingsprosjekt Verktøykasse for klimatilpasset bolig og går ut på å forbetre løysninga for inndrevsikre takløysningar. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å planlegge laboratorieforsøk i masteroppgåva. Laboratorieforsøka vil inkludere utprøving av ulike løysningar med utstyr for fullskala prøving av luft- og regntettheit i SINTEF og NTNU sitt laboratorium.  

Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande, NTNU tore.kvande@ntnu.no og Lars Gullbrekken, SINTEF lars.gullbrekken@sintef.no

  • No labels