Denne oppgåva er reservert, men bruk gjerne teksten som inspirasjon til eiga oppgåve.
Bakgrunn: Kompakte ulufta tretak er eit nytt konstruksjonsprinsipp som vi har jobba med i SFI Klima 2050. Prinsippet går ut på bruk av ei dampsperre som kan variere dampmotstanden etter kva som faktisk trengst, populært kalla «smart» eller «fuktadaptiv» dampsperre. Reint fysisk fungerer den slik at ved låg relativ luftfuktigheit (RF) er dampmotstanden stor, men når RF aukar minkar dampmotstanden. Om vinteren, når RF i innelufta er låg, vil dermed dampmotstanden vere stor. Og om sommaren, når RF i innelufta er høgare, vil dampmotstanden bli lågare.
Riktig bruka kan smarte dampsperrer gi meir robust fuktsikring og dermed gjere taket mindre sårbart for auka regnbelastning. Bruk av smart dampsperre i tak kan gi redusert byggehøgde (utnyttar bjelkelaget til isolasjon), redusert materialbruk, meir effektiv byggeprosess og økonomisk gevinst.
Ei viktig føresetnad for at konstruksjonsprinsippet med kompakte ulufta tretak skal fungere, er at himlinga på varm side av den smarte dampsperra er tilstrekkeleg dampåpen. Himlinga må sleppe fukt som diffunderer gjennom den smarte dampsperra vidare inn til innelufta. Gipsplatehimling er eksempel på dampåpen himling, men som regel er gipsplatene mala. Det er uklart kor damptett denne malinga er og kva påverknad den har på uttørkingsevna til dei kompakte ulufta tretaka.
Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva går ut på å kartlegge vanndampmotstanden til takmaling («himlingsmaling»). Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva. I prosjektoppgåva skal du/dokk bli kjent med problemstillinga, få oversikt over relevant teori og sette deg inn i prøvemetoden. I masteroppgåva vil du/dokk gjennomføre eit meir omfattande prøveprogram for å finne variasjonen i dampmotstand til typiske takmalingar i Norge. Det er også aktuelt med fuktberekningar (WUFI) for å vurdere konsekvensar for uttørking.
Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no
Ekstern samarbeidspartner: SINTEF.
Kompakt ulufta tretak med smart dampsperre. Den smarte dampsperra hindrar kondensering om vinteren og åpnar for uttørking av byggfukt og eventuell lekkasjefukt mot innelufta om sommaren.
Takkonstrusjon i pilotprosjekt Sveabakken, Malvik, med smart dampsperre og mala gipsplatehimling. Himlinga må vere dampåpen for at konstruksjonsprinsippet skal fungere.