Tittel

Vurdering av miljøverknader i Tinnåa ved redusert vassføring.

Type

Hydraulic modelling, GIS, environmental analysis, habitat,

Kontakt / veileder

Knut Alfredsen NTNU, Morten Stickler Skagerak/USN,

Sted

Trondheim

Øst-Telemark Brukseierforening er ansvarleg for kraftregulering i austre del av Skiensvassdraget, blant anna for Møsvatn, Mårvatn, Kalhovdfjorden og Tinnsjøen. Tinnåa nedstraums Tinnsjøen har i dag ei minstevassføring på 45 m3/s. Hovudmålet med prosjektet er å vurdere konsekvensar for det akvatiske miljøet av lågare vassføringar som er mindre enn minstevassføringskravet i dag. Samanheng mellom vassdekt areal og andre hydrauliske tilhøve ved ulike vassføringar og miljøverknader på lokale populasjonar av fisk (ørret, laks, sjøørret og sik) skal vurderast. Føremålet med denne oppgåva er å gjere dei hydrauliske vurderingane og å generere resultat som kan koplast mot kunnskap om korleis fisken brukar habitat og verknader av endringar på fiskebestanden. Moglege oppgåver vil vere:

  • Feltarbeid/synfaring i Tinnåa. Vurdering av område som skal modellerast og evt oppmåling av data for kalibrering. Det vil vere eit datasett frå måling med batymetrisk LiDAR tilgjengeleg for studieområdet, og kontroll av dette kan og vere aktuelt.
  • Oppsett og kalibrering av den hydrauliske modellen HEC-RAS for fleire delar av Tinnå.Simulering av vassdekt areal for vassføringar frå 45 m3/s og nedover for å finne kritiske nivå i ulike delar av elva med tanke på tørrlegging av habitat og korleis dette påverkar ulike fisken i ulike livsstadie (gyting, ungfisk, vandring o.l.)
  • Vurdere effekt av andre hydrauliske variable på fisken sitt habitat, t.d. djup, hastigheit, sediment.
  • Kartlegging av variable og kopling mot biologiske data. Analyse av data med tanke på å finne kritiske område. Vurdering av tiltak.

Prosjektet vil vere eit samarbeid med Morten Stickler ved Skagerak Energi og Jan Heggenes ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN).

  • No labels