Bakgrunn: Etterisolering av ytterveggar er eitt av fleire aktuelle tiltak for å redusere varmetapet frå ein bygning. For bygningar med bevaringsverdig fasade er innvendig etterisolering gjerne den einaste løysninga. Dette gjeld også for trehus med vernerestriksjonar for den utvendige trekledninga. I slike tilfelle blir ny varmeisolasjon montert i eit påfora bindingsverk på innsida av eksisterande vegg. Metoden gjer at ein kan etterisolere rom for rom eller enkeltvis, men reduserer ikkje kuldebruer og gir dessutan redusert innvendig bruksareal. Ein annan ulempe er auka risiko for fuktproblem (mugg og råte). Sidan vi ikkje kjenner tettheitseigenskapane (vanndamp og luft) til materiallaga i den originale treveggen, kan det vere vanskeleg å gi ei god vurdering av fuktrisikoen ved innvendig etterisolering.
Eksempel på vegg av plankreisverk med papp og kledning kor innvendig etterisolering kan vere aktuelt (Byggforskserien 723.305).
Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva går ut på å vurdere risiko for fuktproblem ved innvendig etterisolering av eldre treveggar gjennom fuktberekningar (WUFI eller Comsol). Den vil bli utført i samarbeid med det europeiske forskingsprosjektet HeriTACE. Ein sentral del av oppgåva vil vere å dokumentere gjennom laboratorieprøving vanndamptettheita til ulike materialsjikt i eldre treveggar og i veggforsøk som blir gjennomført i regi av HeriTACE. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å bli kjent med problemstillinga.
Oppgåva er ei vidareføring av ei masteroppgåve frå våren 2020 om Risiko for muggvekst ved utvendig etterisolering av eldre bindingsverksvegger.
Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og Silje Asphaug, SINTEF silje.asphaug@sintef.no