Bakgrunn: I moderne byggeri blir sensorar stadig meir vanleg til ulik overvaking av tilstand. Spesielt fukt- og temperatursensorar er etterspurde for kontroll av eventuelle regnlekkasjar eller andre fuktutfordringar inne i bygningskonstruksjonane. Slike sensorar kan gi oss varsel om utfordringar før det har oppstått ein omfattande skade og før den blir synlege på utsida av konstruksjonen. Men vi ser at ulike fuktsensorar meint for montering i trevirke måler ulikt. Dei er gjerne kalibrerte for andre tresortar enn vi har i Norge, måleresultata kan vere temperaturpåverka og dei kan eventuelt drifte over tid.

Eksempel på bruk av fuktsensorar i trebjelkelag. Her er ser vi trådlause sensorar montert i bjelkelag og kantbjelkar før isolering og montering av himling.

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva går ut på å evaluere ulike fuktsensorar til bygningsbruk og vil bli utført i samarbeid med det europeiske forskingsprosjektet HeriTACE. Evalueringa vil bli basert på laboratoriemåling av trefukt i ulike klima. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å bli kjent med problemstillinga.

Oppgåva er ei vidareføring av ei masteroppgåve frå våren 2019 om Fuktmåling i LVL med trådløse sensorer.

Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og Silje Asphaug, SINTEF silje.asphaug@sintef.no

  • No labels