Bakgrunn:
For at bustader og offentlege bygningar skal vere tilgjengelege for alle, er det mellom anna krav om trinnfritt inngangsparti. Det betyr at dørterskel ikkje skal vere høgare enn 25mm, at plattingen utanfor inngangsdøra skal ha mindre fall enn 1:50, at grus, lauv og anna lett lèt seg fjerne og at plattingen skal vere fri for snø og is. Krava gir praktiske utfordringar med tanke på å oppnå ei fuktrobust løysing for innsettinga av ytterdøra. Terskelfriheita gir utfordringar med å få ei luft- og regntett monteringsfuge samtidig som at manglande fall vekk frå inngangsdøra kan gi uønska vannpåkjenning. Ved krav om trinnfritt inngangsparti i 1. etasjen på hus med sokkel er det i tillegg utfordrande å oppnå god nok uttørkingskapasitet for mellombjelkelaget som blir i nivå med terrenget.
Byggforskserien 523.731 Trinnfritt inngangsparti for småhus av tre. Tekniske løsninger er no under revisjon. Vi ønskar å prøve ut nye aktuelle innsettingsløysingar for ytterdøra.
Kort beskriving av oppgåva:
Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset bolig og går ut på å forbetre innsettingsdetaljen for trinnfri ytterdør i trehus. Laboratorieforsøka vil inkludere utprøving av ulike løysningar med utstyr for fullskala prøving av luft- og regntettheit i SINTEF og NTNU sitt laboratorium.
Oppgåva er ei vidareføring av ei masteroppgåve frå våren 2022 om regntett innsetting av tunge skyvedører i yttervegger.
Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og Lars Gullbrekken, SINTEF lars.gullbrekken@sintef.no