Oppgåve nr: BRANN15

Bakgrunn

Solceller montert på bygningar er ein svært effektiv måte å produsere fornybar og miljøvenleg elektrisk energi som har blitt veldig populær dei siste åra. Denne utviklinga er venta å auke vidare i framtida og er ein vesentleg del av å få gjennomført det grøne skiftet frå fossil til fornybar energi. Solceller blir montert på bygningar med ei luftspalte bak solcellemodulane. Dersom ein brann oppstår i denne luftspalta kan denne i mange tilfelle spreie seg effektivt over store område og føre til store skader på bygningen. Denne effekten er vist både på flate tak, på skråtak og på vertikale fasadar.

For å forstå kva som skal til for at ein brann kan spreie seg og eskalere i dette holrommet er det nødvendig å kartlegge kva for parametrar som er med på å avgjere dette. Materialeigenskapane ved brann for overflatene i holrommet er i liten grad kartlagt og vil vera vesentlege for korleis denne brannen utviklar seg. Aktuelle materiale som kan vera relevante å undersøke i denne samanhengen kan vera plastfilmen på baksida av solcellemodular, kablar og koplingsboksar, takbelegg, vindsperre og brennbare innfestingsdetaljar.


Denne oppgåva vil vera eit samarbeid med eit pågåande doktorgradsprosjekt som handlar om branntryggleik i bygningar med solcelleinstallasjonar.


Kort beskriving av oppgåva:

Aktuelle arbeidsoppgåver i prosjektet kan vera:

  • Gjennomgå eksisterande litteratur om relevante eksperiment om holromsbrannar.
  • Kartlegge aktuelle material som blir brukt i solcelleinstallasjonar på fasadar, skråtak og flate tak.
  • Analysere materialeigenskapar for utvalde material ved hjelp av konkalorimeter for å finne ut kor mykje som skal til for at dei tek fyr og kor mykje varme dei gir frå seg ved brann.
  • Bidra til å utvikle ein modell for korleis materialeigenskapane til enkeltmateriala påverkar branneigenskapane til den ferdige installasjonen.


Kontaktperson ved IBM: Anne Steen-Hansen anne.steen-hansen@ntnu.no  


Ekstern samarbeidspartner: FRIC - Fire Research and Innovation Centre 

  • No labels