Innkalling

Saker til møtet 29.april, møterom Holand, Byggteknisk lab, 3.etasje, kl. 10.15- max.11.30:

  • Behandling av eventuelle nye søknader
  • Videre opplegg for seminarer
  • Felles søknad med UiO til Norgesuniversitetet om utvikling av IT-basert læringsverktøy
  • Forberedelse av eventuell søknad om NOKUT-pris 2015 (neste år!)
  • Rapportering av resultater fra pilotprosjektene
  • Møteplan videre for IKTiSU.

Referat

Tilstades

Hallvard Trætteberg, Ingelin Steinsland, Leif Rune Hellevik

Vedtak

  • Søknad fra Marius Thaule om "midler til økt faglig bruk av IKT i matematikk i sivilingeniørutdanningen — Matematikk 4D, 4M og 4N" vart innvilga.
  • Søknaden frå Tim Torvatn får støtte til den delen av prosjektet som går direkte til øvingsutvikling med fokus på fagleg bruk av Excel og matlab, dvs omlag 50%. Hallvard Trætteberg føl opp med telefonsamtale til Tim Torvatn for å sikre dette overslaget.

Prosjekttilsegn

For å sikra eit betre rammeverk rundt prosjekta var det semje om at følgjande element bør vera med i eit prosjekttilsegnsbrev:

  1. Det bør stå eksplisitt at prosjektet skal evaluerast via KVASS/referansegrupperapport.
  2. Kontaktpersonen for IKTiSU-prosjektet skal nemnast med namn og har følgjande oppgåver:
    1. Oppretta wiki-side for prosjeketet
    2. Legge inn søknaden på wiki-sida.
  3. Prosjektleiar har ansvar for å legge inn følgjande informsasjon på wiki-sida:
    1. Prosjektformål
    2. Resultat (eller peikar til andre stader der resultata finnes)
  4. Prosjketleiar må delta på IKTiSU-seminar for å informera om prosjektet.

Prosjektsamarbeid/synergiar

Eit mål for vårsemesteret i IKTiSU-gruppa er å samle saman leiarar av "relevante"  prosjekt (som t.d. KJ1041, TKT 4140, TMA4135) for å diskutera potensial for samarbeid rundt felles verktøy og metodar.

Evaluering/oppfølging

Ingelin Steinsland har hovudansvaret for prosjektevaluering og oppfølging av einskildprosjekt.

 

 

  • No labels

3 Comments

  1. Unknown User (ingelins)

    Eg viste ikkje at eg hadde hovudansvaret for oppfølging. Eg synest det er veldig viktig, og har trua på at oppfølging er inspirerande, men skal på sabbatsår til hausten, så det er nok lurt å finne nokon andre.

     

    Elles, ang. Tim Torvarn sin søknad. Vi var vel positive til å støtte med meir dersom det gjekk til utvikling av undervisningsopplegg/innhald og ikkje programvareutvikling?

  2. Unknown User (leifh)

    Det er jo lenge til hausten Ingelin, så kanskje du kan følgje opp fram til då? Det er jo ikkje mykje arbeid, men meir snakk om å etterlyse evalueringar på ein venleg og oppmuntrande måte og halde eit oversyn. Dette meiner eg du er god til (wink)

    lr

  3. Unknown User (ingelins)

    Takk for at du har trua på meg, men nei takk likevel.

     

    To grunnar:

     

    1) Har ein eigenverdi at det er same person som føljer opp over tid.

    2) Eg jobbar berre 80% dette halvåret, og det har gått skrekkeleg dårleg. Må derfor seie nei, og til slikt som eg eigentleg kunne tenkt meg å gjere.