Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

Denne oppgåva er reservert, men bruk gjerne teksten som inspirasjon til eiga oppgåve.

Bakgrunn: Kompakte ulufta tretak er eit nytt konstruksjonsprinsipp som vi har jobba med i SFI Klima 2050. Prinsippet går ut på bruk av ei dampsperre som kan variere dampmotstanden etter kva som faktisk trengst, populært kalla «smart» eller «fuktadaptiv» dampsperre. Reint fysisk fungerer den slik at ved låg relativ luftfuktigheit (RF) er dampmotstanden stor, men når RF aukar minkar dampmotstanden. Om vinteren, når RF i innelufta er låg, vil dermed dampmotstanden vere stor. Og om sommaren, når RF i innelufta er høgare, vil dampmotstanden bli lågare.

Riktig bruka kan smarte dampsperrer gi meir robust fuktsikring og dermed gjere taket mindre sårbart for auka regnbelastning. Bruk av smart dampsperre i tak kan gi redusert byggehøgde (utnyttar bjelkelaget til isolasjon), redusert materialbruk, meir effektiv byggeprosess og økonomisk gevinst.

Ei viktig føresetnad for at konstruksjonsprinsippet med kompakte ulufta tretak skal fungere, er at himlinga på varm side av den smarte dampsperra er tilstrekkeleg dampåpen. Himlinga må sleppe fukt som diffunderer gjennom den smarte dampsperra vidare inn til innelufta. Gipsplatehimling er eksempel på dampåpen himling, men som regel er gipsplatene mala. Det er uklart kor damptett denne malinga er og kva påverknad den har på uttørkingsevna til dei kompakte ulufta tretaka.

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva går ut på å kartlegge vanndampmotstanden til takmaling («himlingsmaling»)

Oppgave nr: BF1

Bakgrunn: Ved prosjektering av bygningar i Canada brukar dei eit system med fuktindeksar ved val av utforming av yttervegg. Indeksen er ein klimabasert indikator og inngår i det nasjonale bygningsregelverket. Det betyr at ytterveggen blir bestemt ut i frå klimaet i området bygningen skal byggast i. Vi har ikkje eit tilsvarande system i Norge. Her er veggoppbygging i liten grad bestemt av lokalt klima, sjølv om vi har minst like store geografiske forskjellar i regnpåkjenning som Canada.

Senario for klimaendringar i Norge indikerer auka nedbør og endring i nedbørsmønster. Vi reknar med at det vil regne 20% meir om hundre år enn i dag. Mildare klima gjer dessutan at meir av nedbøren vil kome som regn om vinteren, men delar av landet vil likevel oppleve auka snølaster på tak. Bruk av fuktindeksar som dei har i Canada til bygningsfysisk prosjektering, kan gi oss eit verktøy for betre å vurdere konsekvensar av klimaendring.

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Klima 2050 og går ut på å vurdere bruken av det canadiske fuktindekssystemet i Norge. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus å sette seg inn i det canadiske systemet. Tilpassing til norske forhold og vurdering av korleis det kan implementerast i det norske bygningsregelverket vil vere tema i masteroppgåva. I prosjektoppgåva skal du/dokk bli kjent med problemstillinga, få oversikt over relevant teori og sette deg inn i prøvemetoden. I masteroppgåva vil du/dokk gjennomføre eit meir omfattande prøveprogram for å finne variasjonen i dampmotstand til typiske takmalingar i Norge. Det er også aktuelt med fuktberekningar (WUFI) for å vurdere konsekvensar for uttørking.

Talet på studentar på oppgåva: 1-2

Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande  Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og PhD kandidat Jørn Emil Gaarder (SFI Klima 2050)
Ekstern samarbeidspartner: SINTEF.


Image Added

Kompakt ulufta tretak med smart dampsperre. Den smarte dampsperra hindrar kondensering om vinteren og åpnar for uttørking av byggfukt og eventuell lekkasjefukt mot innelufta om sommaren.


Image Added

Takkonstrusjon i pilotprosjekt Sveabakken, Malvik, med smart dampsperre og mala gipsplatehimling. Himlinga må vere dampåpen for at konstruksjonsprinsippet skal fungere.