Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.


Bakgrunn: Smarte dampsperrer kan variere dampmotstanden etter kva som faktisk trengst. Reint fysisk fungerer dei slik at ved låg relativ luftfuktigheit (RF) er dampmotstanden stor, men når RF aukar minkar dampmotstanden. Om vinteren, når RF i innelufta er låg, vil dermed dampmotstanden vere stor. Og om sommaren, når RF i innelufta er høgare, vil dampmotstanden bli lågare.

Uttørking mot inneluft er spesielt interessant for konstruksjonar der uttørkingsevna utover er lita samtidig som konstruksjonen inneheld fuktfølsame material. Kompakt ulufta tretak er eit slikt konstruksjonstilfelle. Dette er konstruksjonar man tradisjonelt har åtvara mot å bygge, samtidig som dei er svært økonomisk interessante. Bruk av smarte dampsperrer kan dermed vere eit kostnadseffektivt tiltak for å betre klimarobustheita for kompakte takkonstruksjonar.

Riktig bruka kan smarte dampsperrer gi meir robust fuktsikring og dermed gjere taket mindre sårbart for auka regnbelastning. Bruk av smart dampsperre i tak kan gi redusert byggehøgde (utnyttar bjelkelaget til isolasjon), redusert materialbruk, meir effektiv byggeprosess og økonomisk gevinst.

Kort beskriving av oppgåva: I samband med SFI Klima 2050 har vi instrumentert tre ulike kompakte tretakvariantar med smart dampsperre. Vi har fleire år med temperatur og trefuktdata som viser korleis fuktigheita i takkonstruksjonen utviklar seg. Oppgåva går ut på å følgje opp fukt- og temperaturmålingane frå pilotprosjekta og vurdere om konstruksjonsprinsippet fungerer slik tenkt. Kontrollar skal gjerast med WUFI. Målet med oppgåva er å utarbeide generelle retningslinjer for bruk av smart dampsperre i kompakte tretak som underlag for ei ny anvisning i Byggforskserien.

Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva. I prosjektoppgåva skal du bli kjent med problemstillinga og sette deg inn i relevant teori.

Talet på studentar på oppgåva: 1-2

Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no
Ekstern samarbeidspartner: SINTEF.


Image Added

Takkonstruksjon i pilotprosjekt Longyearbyen boliger, Svalbard


Image Added

Takkonstrusjon i pilotprosjekt Sveabakken, Malvik


Image Added

Takkonstruksjon i pilotprosjekt ZEB-laboratoriet, Trondheim.

Oppgave nr:

Bakgrunn:

Kort beskrivelse av oppgaven:

Tallet på studenter på oppgaven:
Kontaktperson ved IBM: