Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

Oppgave nr: BF1

Bakgrunn:Ved prosjektering av bygningar i Canada brukar dei eit system med fuktindeksar ved val av utforming av yttervegg. Indeksen er ein klimabasert indikator og inngår i det nasjonale bygningsregelverket. Det betyr at ytterveggen blir bestemt ut i frå klimaet i området bygningen skal byggast i. Vi har ikkje eit tilsvarande system i Norge. Her er veggoppbygging i liten grad bestemt av lokalt klima, sjølv om vi har minst like store geografiske forskjellar i regnpåkjenning som Canada.Senario for klimaendringar i Norge indikerer auka nedbør og endring i nedbørsmønster. Vi reknar med at det vil regne 20% meir om hundre år enn i dag. Mildare klima gjer dessutan at meir av nedbøren vil kome som regn om vinteren, men delar av landet vil likevel oppleve auka snølaster på tak. Bruk av fuktindeksar som dei har i Canada til bygningsfysisk prosjektering, kan gi oss eit verktøy for betre å vurdere konsekvensar av klimaendring.

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Klima 2050 og går ut på å vurdere bruken av det canadiske fuktindekssystemet i Norge. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus å sette seg inn i det canadiske systemet. Tilpassing til norske forhold og vurdering av korleis det kan implementerast i det norske bygningsregelverket vil vere tema i masteroppgåva.

Talet på studentar på oppgåva:1
Kontaktperson ved IBM:
Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og PhD kandidat Jørn Emil Gaarder (SFI Klima 2050).