Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

...

Bonk (2016) hevdar at læring (det å tilegne seg kunnskap) har endra seg etter teknologiens inntog i skulen. Han ser for seg tre hovudtrendar som gjer seg gjeldande. Den første er knytta til engasjement. I det legg han at i dag brukar mest alle mobilar eller nettbrett til å søkje opp informasjon, læring er meir tilgjengelig (hands-on). Vidare lærar mange betre gjennom visuelle stimuli enn gjennom tekst og mange aktivitetar på nett er touch-basert (nettbrett og mobilar) og læring er ofte spelbasert i form av at elevane får stjerner eller pokalar som viser framgang gjerne med umiddelbar respons. Den andre trenden er at vi har ein gjennomgripande tilgang til læring og utdanning. I det legg Bonk at læringa er meir tilgjengeleg online, både med omsyn på utdanning og læringsressursar. Den tredje trenden er at læring er meir tilpassa den einskilde. Det omhandlar blant anna moglegheitar for sjølv å velje når og kor ein vil tilegne seg kunnskap (MOOC).

 Spelet SET i digital utgåve passar på fleire område inn i Bonk sine tankar om korleis me i dag kan tilegne oss kunnskap. Spelet er tilgjengeleg for alle når som helst, kor som helst, så lenge internettilgangen fungerar. Elevar som spelar spelet vil få umiddelbar respons om det har funne eit sett eller ikkje og dei har moglegheitar til å spele mot andre frå heile verda.

Den digitale utgåva kan brukast for å gjere elevane kjende med spelet. For å få tilgang til mykje av matematikken i spelet som vi vil sjå på seinare, så kan det vere ein fordel å ha tilgang til ein analog utgåva av spelet.

...