Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

...

Me ser ingen grunn til elevar på ungdomstrinnet skal kome til kort i å finne svar på oppgåvene over, då dei og kan løysast utan dei oppsette reknestykka. Ved å spille spillet fleire gonger og samanlikne resultata sine med heile klassen, kan dei kome fram til gode simuleringar som vil vere i nærleiken av dei korrekte svara. Dette gjeld spesielt for oppgåvene under sannsyn. Elles kan alle oppgåvene over gje grunnlag for gode diskusjonar elevane imellom. Nedanfor har me lagt til nokre fleire oppgåver/spørsmål som elevar godt kan diskutere og argumentere rundt (henta frå Quinn, Koca, & Weening, 1999).

Finn så mange sett som mogleg av dei 12 korta som ligg framme.
Kor mange kort må vere lagt fram for å vere sikker på å finne eit sett?
Kor mange sett, inkludert dei som passer i fleire sett er mogleg blant dei som ligg framme?
Kva er den beste strategien for å finne sett og kva for sett er lettast for deg å finne?
Kva er gjennomsnittet av talet på sett blant 12 tilfeldig valte kort?
Dersom ein eigenskap er fast, kor mange kort kan det vere utan at det er sett blant dei?
Kor mange kort kan det ligge framme utan at det er sett blant dei?
Er det mogleg at tre kort ligg att på slutten av spelet?

...