Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

...

Døme på tre kort som er eit sett:

 Image RemovedImage Added

Alle dei tre korta har lik farge, alle har lik form, alle har lik mengd, alle har ulikt fyll.

 Image RemovedImage Added

Alle dei tre korta har ulik farge, alle har ulik form, alle har ulik mengd, alle har ulik fyll.

Døme på 3 kort som ikkje er eit sett:

 Image RemovedImage Added

Alle dei tre korta har ulik farge, alle har lik form, alle har lik mengd, men to har ikkje fyll og ein har fyll.

 Image RemovedImage Added

Dei tre korta har verken lik eller ulik  farge då to er raude og ein er grøn, men alle har lik form, alle har lik mengd, alle har ulikt fyll.

...

Spelet på nett finn du her: http://smart-games.org/en/set/start.

 Image RemovedImage Added

 

Spelet går ut på å klikke på tre kort som utgjer eit sett. Finn du eit korrekt sett så kjem det tre nye kort opp. Om du ikkje finn nokon sett blant korta (det kan skje), så kan du klikke på ”open 3 Cards” så får du lagt til tre nye kort. Du spel deg gjennom alle korta til du ikkje finn fleire sett.

...

Den digitale utgåva av spelet SET er ikkje laga med tanke på bruk i skulen. Verktøyet fungerer mest likt som den analoge utgåva der den einaste fordelen er at brukaren slepp å blande og dele ut korta sjølv. Verktøyet gjer og beskjed om du finn eit sett som ikkje er eit sett. Ser me på dette verktøyet opp mot Ruben R. Puenteduras SAMR-modell, så vil den digitale utgåva av spelet SET berre vere ei erstatning av den analoge utgåva med nokre forbetringar (augmentation). Fordelen med verktøyet er at det gjer lettare tilgang til spelet. Det tek kortare tid å kome i gang med eit spel og det er enklare å spele fleire gonger.

 Image RemovedImage Added

Den digitale utgåva kan brukast for å gjere elevane kjende med spelet. For å få tilgang til mykje av matematikken i spelet som vi vil sjå på seinare, så er det ein fordel å ha tilgang til ein analog utgåva av spelet.

...