Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

...

  • Kor mange kort er det i spelet?
    • Talet på kort i spelet kan finnast ut frå opplysingane om at alle korta er unike og det er fire eigenskapar med tre variasjonar (kombinatorikk).
    • 3 x 3 x 3 x 3 = 34 = 81
  • Kor mange sett er det i spelet?
    • Ein føresetnad for å løyse dette er å kunne sjå at eit sett kan setjast saman på seks ulike måtar. Om vi har tre kort; a, b og c (som er eit sett) kan eit sett setjast samen på følgjande måtar:
      abc – acb – bac – bca – cab – cba
    • Ein annan føresetnad er FTS – The Fundamental Theorem of SET. Det tyder at om du har to vilkårlege kort, så finnast det eitt og berre eitt anna unikt kort som kompletterer eit sett
    • Talet på måtar å velje tre kort som er eit sett: 81 x 80 x 1 = 6480
    • Ettersom alle sett kan setjast samane på 6 ulike måtar, der desse utgjer berre eitt unikt sett, må me dividere på 6 for å eliminere dei like setta.
    • 81 x 80 x 1/ 3 x 2 x 1 = 1080
  • Kor mange unike sett er eit tilfeldig kort ein del av?
    • Her kan elevane prøve seg fram med å telje alle førekomstane. Ein oversiktleg måte å gjere dette på er å teikne to kolonnar: der 1.kolonne inneheld dei 81 korta og 2.kolonne inneheld dei 1080 ulike setta. Set strek frå setta til kvart kort som er med i settet. Kvart sett har 3 strek ut frå seg. Dvs. 1080 x 3 strek. Alle korta har 81 x n strek.
    • Me får da følgjande likning: 81n = 1080 x 3, n = 1080 x  = 40
  • Kor mange ulike måtar kan me trekkje tre kort?
    • Har 81 moglege kort for første trekk, 80 moglege kort for andre trekk og 79 moglege kort for tredje trekk. Må hugse å dividere på 6 for å eliminere like sett.
    •  =  = 85 320
  • Kor mange sett har 1, 2, 3 eller alle 4 eigenskapane ulike?
    • Her kan det lønne seg å starte med å sjå på sett der alle eigenskapane er ulike. Du vel eit tilfeldig kort: rød, oval, eit symbol, utan fyll. Då kan med eliminere alle kort som er raude, ovale, inneheld eit symbol og utan fyll. Det gjer oss to moglegheiter for farge, to moglegheiter for form, to moglegheiter for mengd og to moglegheiter for fyll. Talet på moglegheiter = 2 x 2 x 2 x 2
    • Det fører til at talet på måtar å velje to kort i rekkefølgje som ikkje har nokon eigenskapar felles er: 81 x 2 x 2 x 2 x 2 = 1296.
    • Men me må hugse å dividere på 6 for å eliminere like sett.  = 216
    • Litt meir rekning gjer oss denne oversikta:
      • Alle eigenskapane ulike:               216                 20 %
      • Tre eigenskapar ulike:                     432                 40 %
      • To eigenskapar ulike:                       324                 30%
      • Ein eigenskap ulik:                             108                 10 %
  • Kan me lage eit magisk kvadrat?
    • Magisk kvadrat har her ikkje same tyding som magisk kvadrat der sum loddrett/vassrett/diagonal er lik. Me skal her sjå på eit kvadrat med 9 kort (3 x 3), der alle rader, kolonnar og diagonalar inneheld sett.
    • Det er ein metode som alltid førar fram når ein skal lage eit slikt magisk kvadrat med korta i SET. Greier elevane å finne det ut sjølve?

...