Opptak til ph.d.-emne ved Institutt for lærarutdanning

Opptak til ph.d.-emne ved Institutt for lærarutdanning

For å få opptak til ph.d.-emna våre må du ha fullført mastergrad eller tilsvarande utdanning.

Søkarar som ikkje har ein aktiv studierett ved NTNU, må søke om dette før dei kan melde seg opp til ph.d.-emne/forskarstudiar.

På nettsidene til Opptakskontoret finn du meir informasjon om opptak til ph.d.-emne og forskarstudiar ved NTNU for eksterne kandidatar.

Slik søker du

Interne søkarar

Studentar med aktiv studierett ved NTNU melder seg opp til ph.d.-emne via NTNUs studentweb.

Eksterne søkarar

Søkarar som ikkje har aktiv studierett ved NTNU, må søke opptak via Søknadsweb.


Når du har logga inn i Søknadsweb og har fylt ut personinfo, gjer du følgande val:

  1. Vel Enkeltemne.
  2. Vel Ph.d.-kurs/forskarstudiar for eksterne kandidatar.
  3. Søknadsalternativ (vel frå lista):
    • Ph.d.-stipendiatar som skal søke opptak til eit ph.d.-program eller er i ein søknadsprosess om opptak til ph.d.-program, skal velje alternativet 9427 Ph.d.-kurs/forskarstudiar ved SU.
    • Alle andre søkarar som ikkje er ph.d.-stipendiat, skal velje alternativet 9690 Ph.d.-kurs/forskarstudiar for eksterne kandidatar.
  4. Skriv emnekode for emnet/emna du ønsker å søke på, i merknadsfeltet.
  5. Last opp all naudsynt dokumentasjon som vedlegg til den elektroniske søknaden (vitnemål for fullført master/hovudfag og eventuelt brev om opptak på ph.d.-program, eller dokumentasjon på allereie betalt semesteravgift ved annan institusjon).

Rangering

Vi rangerer søknadene i denne rekkefølga*:

  1. Søkarar som er tilknytt ph.d.-program ved NTNU
  2. Søkarar som kan dokumentere opptak til ph.d.-program ved andre institusjonar
  3. Søkarar som kan dokumentere at dei er tilsett som stipendiat ved NTNU, og i prosess med å søke opptak til ph.d.-program
  4. Søkarar som kan dokumentere at dei er tilsett som stipendiat ved annan institusjon, og i prosess med å søke opptak til ph.d.-program
  5. Søkarar som kan dokumentere at dei er i gang med kvalifiseringsløp for opprykk til førstelektor
  6. Andre søkarar

*Seks plassar på kvart av kursa er haldne av til studentar som er tilknytt NorTED institusjoner.

Ph.d.-emne våren 2025

Ph.d.-emne våren 2025

Emneskildring LOS8019

Emneansvarleg

Professor Thomas Dahl

Søknadsfrist

20. januar 2025

Undervising

  • campus Kalvskinnet
  • blir undervist på norsk

Samlingar 2025

  • onsdag 26. mars 08.00–16.00 
  • torsdag 27. mars 08.00–16.00
  • torsdag 22. mai 08.00–16.00 

Emneskildring PLU8012

Emneansvarleg

Professor Oddveig Storstad

Søknadsfrist

20. januar 2025

Undervising

  • campus Kalvskinnet
  • blir undervist på engelsk

Samlingar 2025

  • måndag 31. mars 10.00–16.00
  • tysdag 1. april 09.00–15.00
  • onsdag 2. april 09.00–15.00
  • torsdag 3. april 09.00–15.00

Emneskildring PLU8013

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Libe García Zarranz

Søknadsfrist

1. september 2024

Undervising

  • campus Kalvskinnet / digitalt
  • blir undervist på engelsk

Samlingar 2024

  • måndag 28. oktober 09.00–15.00
  • tysdag 29. oktober 09.00–15.00
  • onsdag 30. oktober 09.00–15.00

Samlingar 2025

  • måndag 10. mars 09.00–14.00 (digital undervisnng)
  • tysdag 11. mars 09.00–14.00 (digital undervising)

Emneskildring PLU8022

Emneansvarleg

Professor Tone Pernille Østern

Søknadsfrist

20. januar 2025

Undervising

  • campus Kalvskinnet
  • blir undervist på engelsk

Samlingar 2025

  • tysdag 18. februar 10.00–16.00
  • onsdag 19. februar 09.00–15.00
  • tysdag 13. mai 09.00–15.30 (digital samling)

Ph.d.-emne hausten 2025

Ph.d.-emne hausten 2025

TBA

Emneskildring LOS8032

Emneansvarleg

Professor Henning Fjørtoft.

Søknadsfrist

1. september 2025.

Undervising

  • blir undervist på engelsk

Samlingar 2025

Undervisningsdagar blir annonsert våren 2025.

Emneskildring PLU8013

Emneansvarleg

Professor Libe García Zarranz

Søknadsfrist

1. september 2025.

Undervising

  • blir undervist på engelsk

Samlingar 2025

Undervisningsdagar blir annonsert våren 2025.

Emneskildring PLU8021

Emneansvarleg

Professor May Britt Postholm

Søknadsfrist

1. september 2025.

Undervising

  • blir undervist på engelsk

Samlingar 2025

Undervisningsdagar blir annonsert våren 2025.

Viktige datoar

Viktige datoar

Haustsemesteret

  • Du kan begynne å søke frå 15. juni.
  • Søknadsfrist: 1. september*.

Vårsemesteret

  • Du kan begynne å søke frå 1. oktober.
  • Søknadsfrist: 20. januar*.

*Institutt for lærarutdanning har tidlege søknadsfristar grunna tidleg undervisningsstart på enkelte emne.

Kontakt

Kontakt

Send e-post til forskning-phd@ilu.ntnu.no.