Vitenskapsmuseet: Systemet, Blomsterlabyrinten
Plantesystemet
I Plantesystemet kan du følge plantene si utviklingshistorie og slektskapsforhold. Her faldar variasjonane av former, fargar og fascinerande tilpassingar i planteriket seg ut.
Kvifor er det så stor variasjon i former, fargar og lukter blant blomane? Mykje av svaret er å finne i at dei er utvikla parallelt med utviklinga av insekta som pollinerer blomane – det har skjedd ein gjensidig evolusjon og tilpassing gjennom millionar av år. I Plantesystemet kan du gå på stiar og mellom rom som representerer ulike utviklingsliner i denne evolusjonen.
Romma i anlegget er avgrensa av hekkar av alperips (Ribes alpinum). Kvart rom svarar til ein planteorden og inneheld artar frå typiske familiar og slekter i ordenen. Dess lenger vekk frå kvarandre to rom er plassert i anlegget, dess mindre i slekt er plantene i dei to romma.
Plantesystemet er det mest innhaldsrike anlegget i Ringve botaniske hage, med om lag 1000 ulike artar i 50 ordensrom. I tillegg til variasjonen i blomeer, er ulike frukttypar og vekstformer i planteriket godt representert.