Vitenskapsmuseet: Gamlehagen
Gamlehagen
Ei samling tradisjonelle hageplanter frå Midt-Noreg.
Gamle hageplanter er levande kulturminne. Dei ber med seg historier om korleis folk har brukt ulike planteartar tidlegare. Mange av dei gamle hageplantene er ikkje lenger i handelen, men ein kan finne dei i gamalt kulturlandskap, på fråflytta gardar og småbruk, i gamle hagar og parkar, på kyrkjegardar eller forvilla i skog og kratt nær hagen eller garden dei ein gong vart dyrka.
Gjennom prosjektet «Bevaring av hageplanter i Midt-Norge» har ei rekke gamle hagar i Trøndelag og Møre- og Romsdal blitt undersøkt, og plantemateriale samla inn. Dei aller fleste plantene har ei kjend historie minst tilbake til 1950-talet, ofte lenger. I det innsamla materialet finn ein både sjeldne og vanlege planter, og til saman gir dei eit spennande innsyn i midtnorsk hagetradisjon.
Dei gamle hageplantene er samla i Gamlehagen. Anlegget har lange, frodige stauderabattar på begge sider av gangstien. Kjøkkenvekstar, peonar, botndekkande planter og steinbedsplanter står i eigne bed. Gamlehagen vart opna i august 2007. Innsamlingsprosjektet var støtta av Norsk Genressurssenter og anlegget er del av genressurssenteret sitt nettverk av lokalitetar for ivaretaking av gamle hageplanter.