EVU-Kurs

NiN, GIS og landskapsøkologi for skognæringa

Landskapsfoto av skog, noen tømmerstokker i forgrunnen.

Jobbar du med skogsdrift? Dette emnet er gratis for deg og utvikla i samarbeid med Allskog, Statskog, Viken Skog, Norges Skogeierforbund og Woodworks Cluster. Foto: Mostphotos

Start: 14.01.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

Undervisningsform: Studium med fysiske og digitale samlinger
Sted for samlinger: Trondheim

Pris: 0 Kr
Studiepoeng: 7,5


Dette kurset vil gje deg forståing av prosessar som påverkar naturmangfaldet i eit fleirbrukslandskap. Teoretisk kunnskap og praktisk erfaring med geografiske informasjonssystem (GIS) og Natur i Norge (NiN) vil gje ei innføring i viktige verktøy for å kartlegga, analysera og dokumentera potensiell påverknad frå skogbruket på skogøkosystemet. 

Slik søker du?

Om du jobbar du for ei partnerverksemd skal du vende deg til kontaktpersonen i denne verksemda (sjå lista under). Du får da nærmare informasjon om korleis du skal søke. Søknadsfristen for tilsette hos partnarar er 20. november.

Kontaktpersonar hos partnerane: 

Om du ikkje jobbar hos ei av partnerverksemd skal du søkje via søkeknappen på denne nettsida. Søknadsfristen er da 1. desember.  

Målgruppe

  • Tilsette i skognæringa som planlegg, drifter og dokumenterer skogsdrift.
  • Tilsette i det offentlege som arbeider med skog og skogforvaltning. 

Innhold

Skognæringa er ei naturbasert næring som baserer seg på fornybare ressursar. Likevel kan den ha stor påverknad på økosystem og naturmangfald. Sjølv om det i dag finst gode verktøy for å minimera negativ påverknad på natur og miljø frå skognæringa, har eit auka fokus på berekraftig bruk av naturressursar gjeve strengare krav til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av miljøpåverknad av utføring av skogsdrift. 

Kurset består av tre modular som alle vil gje deg nyttig kunnskap i arbeidet ditt med å drifta skog og planleggja hogst.

Modul 1: landskapsøkologi for skognæringa 

Du vil få ei innføring i korleis naturlege og menneskeskapte element i landskapet påverkar artar, biodiversitet og økosystem gjennom ulike økologiske prosessar slik som utdøying og etablering av lokale populasjonar. Hovudfokus vil vera på norske skogøkosystem. 

Modul 2: GIS for skognæringa

Modulen vil gje deg ei grunnleggande innføring i geografiske informasjonssystem. Viktige tema er importering og visualisering av data, kjennskap til kjelder og databasar med informasjon om norske skogøkosystem og grunnleggande analysar av geografiske data. Det vil verta lagt stor vekt på praktiske øvingar i modulen. 

Modulen består av tre delar (GLM ’er): 

  • GLM1 er om kartprojeksjonar og koordinatsystem
  • GLM2 er om representasjon
  • GLM3 er om grunnleggjande vektoranalytiske verktøy som Select, Buffer og Overlay.

Kvar del består av en teoretisk og en praktisk del.

Modul 3: NiN for skognæringa

Du vil få inngåande kjennskap til og praktisk erfaring med kartlegging av natur etter NiN-systemet, med fokus på naturtypar i skog. Eit viktig tema er korleis NiN og annan kartlegging av naturverdi, slik som MiS, utfyller eller overlappar kvarandre. 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller tilsvarende realkompetanse.

Kvalifiserte søkere rangeres etter "først til mølla"-prinsippet (dato for søknad).

Anbefalte forkunnskaper

Du bør ha naturvitskapleg utdanning eller realkompetanse som tilseier at du har noko kunnskap innen naturmangfold, kartlegging og arealplanlegging. 


Undervisning, eksamen og pensum

Tid og sted for undervisning

Samlingar

  • Digitalt oppstartseminar: 14. januar 2025
  • Samling i Trondheim: 10.-11. februar 2025 (landskapsøkologi)
  • Digital samling: 11. mars kl 12:00-14:00 (GIS) 
  • Digital samling: 29. april kl 12:00-14:00(NiN)
  • Feltkurs Trondheim: 16.-18. juni 2025 (NiN)

Alle samlingar er obligatoriske. 

Læringsformer

Modul 1: vil være ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning. Studentane får eit digitalt nettkurs med støttelitteratur. I tillegg vil det vera digitale og fysiske samlingar.  

Modul 2: er et nettbasert kurs som består av tre GIS-læringsmoduler (GLM ’er): GLM1 er om kartprojeksjoner og koordinatsystem, GLM2 er om representasjon og GLM3 er om grunnleggjande vektoranalytiske verktøy som Select, Buffer og Overlay. Kvar av de tre GIS-læringsmodulane består av en teoretisk og en praktisk del. 

Modul 3: vil være ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning. Du følgjer eit digitalt nettkurs som sjølvstudium, og elles vil det være ei blanding av forelesningar, oppgåver og illustrasjonar. Det vil og være ei digital samling og eit feltkurs med praktisk kartlegging og floristikk (fysisk oppmøte).

Tidsbruk

Et emne på 7,5 stp. skal tilsvare 200 - 225 timers arbeid. På dette emnet fordeler tidsforbruket seg slik: 

  1. 2 timer oppstartsseminar = 2 arbeidstimer ​
  2. 13 timer fysisk samling, landskapsøkologi (1 time for-/etterarbeid) = 26 arbeidstimer​
  3. 3 timer GIS-samling (1 time for-/etterarbeid) = 6 timer​
  4. 20 timer feltkurs (1 time for-/etterarbeid) = 40 arbeidstimer​
  5. Nettkurs i Digit: 25 timer x 3 moduler = 75 timer​ 
  6. Selvstudium/oppgaver/eksamenslesing: 25 timer x 3 moduler = 75 timer​
    Totalt for hele emnet, dvs. alle tre moduler: 224 timer.​

 

Særskilte krav til utstyr og dataverktøy

Til feltkurset treng du ein en Ipad med nyaste versjon av NiN-app lastet ned (NiN-app er tilgjengeleg via App-Store).

Eksamensbeskrivelse

Eksamen:

Kvar modul blir avslutta med ein to-timars heimeeksamen.

Eksamenskrav

Modul 1: For å gå opp til eksamen må du ha gjennomført nettkurs og deltatt på digital og fysisk samling.  

Modul: 2: Tre øvingsoppgåver og seks testar knytt til GIS-læringsmoduler.

Modul 3: Gjennomført nettkurs, deltaking på fysisk samling og feltekskursjon. 

Samarbeidspartnere

Dette emnet er eit bransjekurs utvikla i samarbeid med Allskog, Statskog, Viken Skog, Norges Skogeierforbund og Woodworks Cluster og HK-dir. Det faglege innhaldet er laga av NINA og NTNU i samarbeid.

Fagansvarlig/Forelesere

Fakultet: Fakultet for naturvitenskap

Kontakt

Om opptak og opptakskrav
Telefon: 73 59 77 01
E-post: evuopptak@aud.ntnu.no
NTNU VIDERE, Annveig Skurseth

Hold deg oppdatert

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Meld deg på nyhetsbrev