EVU-Kurs

Natur og bærekraft – modul 1

En gruppe mennesker står og prater, skogkledde landskap i bakgrunnen.

Det er eit uttalt mål å minimere negative økologiske fotavtrykk frå verksemder, men korleis jobbar vi for å nå dette målet? Foto: Aleksander Stokke Båtnes

Start: 20.01.2025
Søknadsfrist: 10.09.2024

Undervisningsform: Studium med fysiske og digitale samlinger
Sted for samlinger: Trondheim

Pris: 0 Kr
Studiepoeng: 2,5
Emnekode: BI6002

Kurset er fulltegnet.

Registrer din interesse


Viktigheita av natur og dei bidraga og tenester naturen gjev oss menneske, har dei siste åra vorte stadig meir tydeleg. "Natur og berekraft" vil gje deg kompetanse om naturmangfald og økosystem og korleis naturkrisa er kopla til klimakrisa. Naturrekneskap og arealnøytralitet vil vera sentrale element for å dokumentere korleis verksemder påverkar natur og biodiversitet, knytt opp mot krav til dømes i EU-taksonomien. 

Modul 1 er første del av Bærekraft for finansnæringen, og vil gi deg grunnleggande innføring i natur, økosystem og biodiversitet, og korleis naturrekneskap og arealnøytralitet kan brukast for å implementera ei sirkulærøkonomisk tilnærming til natur. Nasjonale tilhøve og regelverk vil verta knytt opp mot internasjonale rammeverk. 

Målgruppe

Ansatte i finansnæringa.

Innhold

Hovudfokus i modul 1 vil vera på økosystem og biodiversitet, men det vil òg bli lagt vekt på klima og korleis naturkrisa og klimakrisa heng saman. Dette vil verta brukt for å synleggjera korleis berekraft må verta forstått for natur og naturressursar, og korleis ulik bruk og utnytting av natur og naturressursar kan påverka økosystema. Utfordringane for natur og miljø vil verta knytt opp til FN sitt rammeverk for naturrekneskap og EU-taksonomien. 

Konseptet "arealnøytralitet/naturnøytralitet" vil verta brukt for å setta berekraftige løysingar om natur i et sirkulærøkonomisk rammeverk. Det vil derfor bli lagt vekt på de ulike faktorane som trugar norsk natur, og som miljøforvaltinga har spesielt fokus på.

Eit sentralt element i modulen er kva kunnskapsgrunnlag som finst for å kartlegga, måla og dokumentera noverande eller forventa påverknad på biodiversitet og økosystem, og som kan brukast i praksis for å vurdere bedrifter sitt arbeid med miljømessig berekraft, til dømes gjennom å utarbeide naturrekneskap eller som del av EU-taksonomien sine tekniske screening-kriteria for biodiversitet og økosystem. 

Tema: 

Natur, økosystem og biodiversitet – Du får ei forståing av omgrep som er sentrale for å kunna forstå, tolka og vurdera nasjonale og internasjonale verktøy for vurdering av tilstand og påverknad av ulike aktivitetar på natur og økosystem.  

Berekraftig bruk av natur og naturressursar – Du får innsikt i kva som ligg i omgrepet miljømessig berekraft, og kva som er dei store truslane for biodiversitet og økosystem.

Naturrekneskap - Naturrekneskap er eit nybrottsverktøy som er under stadig utvikling, og som kan vera viktig for finansnæringa ved å gi innsikt i naturen sin verdi for samfunn og næringsliv. 

Areal/naturnøytralitet – Stadig fleire kommunar vedtar areal- eller naturnøytralitet som prinsipp for kommuneplanar. Kva betyr dette i praksis, og kva føringar legger dette på omdisponering av natur? 

Korleis jobba med natur og berekraft? - Dei viktigaste nasjonale og internasjonale kunnskapsbasene for natur og biodiversitet vil verta gjennomgått. Det vil verta lagt vekt på kva desse kan fortelja om norsk natur og økosystem. 

Emnebeskrivelse

Natur og bærekraft

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller tilsvarende realkompetanse. 

Kvalifiserte søkere rangeres etter "først til mølla"-prinsippet (dato for søknad).


Undervisning, eksamen og pensum

Tid og sted for undervisning

Digital oppstartsamling: 14.10.2024 kl 12:00-14:00 

Fysiske samlinger ved NTNU i Trondheim, Campus Øya, Helgasetr i rom 02-034 -
Lenke til kart

  • 19.11.2024 kl. 11:00-16:00 
  • 20.11.2024 kl. 08:15-11:30

Eksamensbeskrivelse

Dato: 13.12.2024

Digital hjemmeeksamen, to timer.

Prisinformasjon

Pris: 0 Kr

Ingen studieavgift.

Du må selv dekke ev. reise, opphold og utgifter til pensumlitteratur.

Samarbeidspartnere

Utdanningen er utviklet i samarbeid med SpareBank1 SMN, BN Bank, KLP Banken og SpareBank1 Østlandet. Hver av samarbeidspartnerne har noen studieplasser forbeholdt sine ansatte. Kontakt arbeidsgiver for å søke på disse plassene, se kontaktinformasjon under:  

Fagansvarlig/Forelesere

Fakultet: Fakultet for naturvitenskap

Kontakt

Annveig Skurseth, Studieveileder Enhet for etter- og videreutdanning
Silje Strand Lundgren, Studieveileder Inst. for biologi

Hold deg oppdatert

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Meld deg på nyhetsbrev