EVU-Kurs

Folkedans - Innføring i norsk folkedans

folkedans

Foto: Wibeke Lüders

Sted for samlinger: Voss

Pris: 3500 Kr
Studiepoeng: 15
Emnekode: DANS6001

Kurset er avlyst.


Kurset er avlyst og kan ikke tilbys våren 2018.
Praktisk-metodisk kurs i norsk folkedans. Her vert basiskunnskap for undervising i folkedans for barn og unge lært bort i teori og praksis. Kurset rettar seg mot deg som er lærar i barnehage, grunnskole, vidaregåande skole og kulturskole. Det tar utgangspunkt i læreplanar og kompetansemål, og vil også ta opp tema som kulturarv, sosial læring, samvær og fellesskap gjennom leik, rørsle og dans. Kurset passar både for deg som er nybyrjarar og du som kan folkedans frå før.
Kan inngå som valgfritt emne i BA dansevitenskap

Lærarar i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, kulturskule og danseinstuktørar.

Du får kunnskap om norsk dansetradisjon, eit repertoar av dansar og verktøy til å kunne lese og forstå dansenedteikningar, lære deg dansar ved å sjå på film.

Innhald: 

• Danseopplæring
Kurset gir rein danseopplæring i folkedansar frå alle gruppene vi delar det norske folkedansmaterialet inn i.

• Metodikk i folkedansundervising
Du skal få praktisk og teoretisk innføring i metodar og problem med instruksjon i norsk folkedans.

• Sviktanalyse
Du skal få innføring i notasjonssystemet som blir brukt til nedteikning av norsk folkedans. Og du skal få innføring i å lese dansenedteikningar.

• Tradisjonskunnskap
Du skal få ei kortfatta innføring i sjangrar og utvikling innan dei mest anlege folkelege norske danseformene. Du får også innføring i ein del generelle teknikkane som blir brukt i norske folkedansar.

• Eigenstudium (lese danseskildringar)
Du skal sjølve lære seg fem dansar ut frå å lese i dansebøker.

 

Dette sier tidligere kursdeltakere om kurset: 

  • Mye dansetrening. Matnyttig - fått mye som kan brukes i arbeidshverdagen.
  • Mye praktisk dans og metodikk. Beste måten å lære på! Litt teori innimellom til å binde det hele sammen har også vært flott. Bra med levende spelemann.
  • Innføring i Norsk folkedans er et meget relevant og spennende studie for alle som interesserer seg for og ønsker å jobbe med kultur og kulturformidling.
  • Jeg kunne nesten ingen ting om norsk folkedans. Nå kan jeg ganske mye! I tillegg har jeg fått en forståelse for historie – opphav, bakgrunn og hvordan dansene har vært brukt.

 

Danselærarar/Forelesere:

Inga Myhr
Røynd folkedanspedagog med undervisningsrøynsle både for born, ungdom og vaksne, og spesielt ungdom gjennom danseansvarleg i Bygda dansar-prosjektet Lek Østa frå 2012-2015 . Ho er hovudlærar for DANS 6001 for andre gong. I tillegg har ho vore lærar på fleire danseemne på NTNU, både på Bachelornivå, og vidareutdanningskursnivå. A-klasse dansar med spesialkompetanse frå Hedmark, og brei orientering i dei norske folkedanstradisjonane i landet. Har BA-utdanning får NTNU i utøvande tradisjonsdans. Omskolerer seg for tida frå utøvande folkedansar til allmennlærar i grunnskolen.


Magni Rossvold
Prosjektleder for Folkedans i Hordaland, Ole Bull Akademiet.
Solid forankra i folkedans- og folkemusikktradisjonane i Hordaland, ein framifrå utøvar og folkedans-og folkemusikkformidlar. Brei røynsle i danseundervisning frå born til vaksne. Har BA med fordjupning i tradisjonskunnskap folkedans frå NTNU, og MA i Human Resource Management frå Copenhagen Business School (vår 2016).


Siri Mæland
Hovedlærar og utvikla kurset frå 2001 – 2009. Røynsle som allmennpedagog i grunnskulen, folkedansinstruktør for barn til vaksne i folkedansrørsla, prosjekt og danseleiar for ungdomsprosjektet Bygda Dansar Fjordapuls. Utvikla og skrive læremateriell i dans for både for grunnskule (Noreg i dans og spel II) og vidaregåande skule (Dans i perspektiv). Brei orientering og praksis i dei norske folkedanstradisjonane i landet. Utdanning: Allmennlærar med musikk, BA med fordjupning i tradisjonskunnskap folkedans frå NTNU, MA i etnomusikologi frå UiB, Stipendiat i Dansevitenskap ved NTNU.

 

Kompetansemål i skolen kurset har relevans for:

Musikk

  • delta i leker med et variert repertoar av sanger, rim, regler, sangleker og danser
  • delta i framføring med sang, samspill og dans
  • danse et utvalg norske og internasjonale folkedanser
  • framføre sang, spill og dans i samhandling med andre
  • beherske noen norske danser og danser fra andre land
  • delta i framføring med sang, spill og dans der egenkomponert musikk og dans inngår
  • øve inn og framføre et repertoar av musikk og dans fra ulike sjangere med vekt på rytmisk musikk

Kroppsøving

  • vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar
  • utforske, leike og uttrykkje seg med rørsler til ulike rytmar og musikk
  • eksperimentere med kroppslege uttrykk og danse enkle dansar frå ulike kulturar
  • trene på og utøve dansar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape enkle dansekomposisjonar

Ergonomi og bevegelse

  • vise noen norske folkedansar og stilhistoriske danser


Kjelde: http://www.udir.no/

Generell studiekompetanse eller realkompetanse som vurderes spesielt for opptak til DANS6001.

Tid og sted for undervisning


 

 

Eksamensbeskrivelse

Heimeeksamen: Arbeidskrav for å bli godkjent for å avlegge eksamen: Innlevering av oppgave (instruksjonsplan) Instruksjon av dans for medstudentar Oppmøte på samling

Kurset vert arrangert i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ole Bull Akademiet/ Hardingfela.no og Studieforbundet Natur og Kultur.

Fakultet: Det humanistiske fakultet
Anne Margrete Fiskvik, Programrådsleder, Inst. for musikk, dansevitenskap
E-post: postmottak@folkemusikkogfolkedans.no

Annveig Skurseth, NTNU VIDERE
Telefon: 73551090
Mobil: 91897261
E-post: videre@ntnu.no

Hold deg oppdatert

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Meld deg på nyhetsbrev