Forslaget om å senke renta på lån i Statens lånekasse med verknad frå 1. mars var eit konkret tiltak for å gi m.a. unge som har skaffa seg høgare utdanning, ein rettmessig del av den rentenedgangen andre grupper i samfunnet ha fått.
Senterpartiet meiner at vi gjennom Statens lånekasse skal utforme den beste utdanningsfinansieringa den einskilde elev eller student har trong for. Den kombinasjonen av ulike ordningar Stortinget har lagt til rette for, gjennom stipend og lån, tilseier at vilkåra for tilbakebetaling og prisen på lånet er ei sak Stortinget har hatt og skal ha ansvar for. Eitt tiltak innafor støttesystemet må sjåast i samanheng med andre.
Senterpartiet meiner at på denne sektoren skal vi ha ein offentleg politikk gjennom Statens lånekasse, som skal vere eitt av fleire virkemiddel for å nå samfunnet sitt behov for kvatifisert arbeidskaft. Studielånet sin del av studiestøtta og vilkåra for lånet i nedbetalingstida er ein sentral del av utdanningspolitikken, og må vere under føreseieleg politisk kontoll og styring. Det stabile og forutsigbare er avgjerande både for ungdom som vel, eller er under høgare utdanning, og for dei som er ferdige og skal planlegge sin økonomi i ein etableringsfase.
Dette er ei form for ansvarsfråskriving eg ikkje hadde forventa Høgre ville stå for. Det er mildt sagt skuffande å konstatere at når høvet konkret byr seg, vel Høgre å svikte lånekundane i Statens lånekasse i staden for, som dei tidlegare har gjort, å stille opp for å skaffe eit fleirtal for nedsetjing av renta. Det at Høgre sviktar når det gjeld lånerenta, slik dei gjorde ved å sette bom for å auke stipenddelen til 30 pst. i salderinga, avteiknar eit negativt mønster eg på vegner av studentar og unge med høgare utdanning kunne tenkje meg å vere forutan.
Arbeidarpartiet som mest av alle har prøvd å identitfisere seg med omgrepet solidaritetsalternativet, svikta i forhold til sin intensjon i denne saka. Det er likevel eit lyspunkt i det Arbeidapartiet signaliserer vilje til å vurdere spørsmålet ved dei ordinære budsjetthandsarningane.
Renta på studielån var sist regulert i revidert nasjonalbudsjett i fjor, med verknad frå 1. oktober 1996. Sidan då har det vore ein sterk nedgang i det generelle rentenivået. Ja, berre sidan nyttår har Norges Bank sett ned signalrenta to gonger med korte mellonrom. Banksystemet ellers har av den grunn redusert renta både på utlån og innlån, både for næringslivskundar og i personkuandemarknaden. Det er no grunn til å frykte at Statens lånekasse er å rekne mellom dei dyraste långjevarane unge i etableringsfasen har å gjere med.
Derfor er det er uakseptabelt at folk som investerer i kunnskap og kompetanse, skal bli møtt med den høgste renta i samfunnet. Ei anna side er at når renta på studielån blir sett høgre enn andre banklån, vil dei kundane som kan stille med solid dekning, få konvertert lånet i Lånekassa mot lån i privat bank. Ei slik line vil på sikt føre til at Lånekassa blir sitjande med dei svakast stilte låntakarane.
Det vil i neste omgang påføre Lånekassa kostnader og tap som fellesskapet må bere, og som langt overstig den kostnaden fellesskapet får ved å setje ned renta i forkant. Tek vi alle omsyn, er det i dag både rett og rimeleg å syte for at renta i Lånekassa blir sidestilt med det rentenivået ein får i resten av bankvesenet.
Senterpartiet har som mål at studielånsrenta skal ligge under marknadsrenta, og at
stipenddelen skal utgjere 30 pst. av studiestøtta innan utgangen av denne stortingsperioden.
Dette som ledd i eit framtidig arbeid der vi på sikt må legge til rette for behovsprøvd
fullstipendiering for elevar i vidaregåande skule og 40 pst. stipenddel som del av den samla
studiestøtta studentar skal få.
Jørgen Holte
Stortingsrepresentant (sp) Møre og Romsdal
Info.avd. |
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes Teknisk ansvarlig: aina.berg@adm.ntnu.no Oppdatert: 27. Feb 1997 |