El-styring via Internett
* En boks som festes direkte mellom ovn og stikkontakt, gjør
det mulig å styre ovnen via Internett. Boksen styres av radiosignaler,
og har innebygget termostat og av/på-bryter. Dermed introduseres
en prinsipielt ny måte til å styre strømbruken i hjemmet.
* Beboerne i Lilleberg borettslag i Oslo vil snart få installert
boksen. NTNU-sosiolog Margrethe Aune er bedt om å bistå under
utprøvingen. Dersom forsøket faller i smak, kan den om få
år bli å finne i mange norske hjem.
* Men er boksen så forbrukervennlig som produsenten vil ha det
til? Aune skal ivareta brukernes interesser. Har brukerne egentlig noen
nytte av den nye «dingsen?» - Det hjelper ikke med fancy teknologi
dersom folk ikke vil ha den, eller bruker den feil, sier Aune.
Struktur gjennomgåes
Fakultet- og instituttstrukturen skal endevendes. I et brev til NTNU
ber KUF om endringer som tar «...sikte på å komme fram
til færre fakulteter.» Men universitetsdirektøren sier:
- Vi stiller oss helt åpne.
Stryk til lærarar
Ny stor undersøking viser at tre av fire elevar meistrar Internett,
medan det kun er kvar andre lærar som meistrar det nye mediet. Unge
lærarar er flinkare med Internett enn eldre, og menn kan meir enn
kvinner. Forskingsleiar Berit Skog ved NTNU trur dårleg tilgang til
datamaskiner med Internett, haldningar og tidsmangel kan vera nokre av
årsakene.
|
Antero lever
Antero Benedito da Silva (bilete), som mottok Studentenes fredspris
under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim tidlegare i år,
har dei siste par månadane vorte utsett for attentat og truslar frå
den pro-indonesiske militsen på Aust-Timor. Dei siste livsteikna
omverda fekk frå da Silva, var e-postar datert 6. september der han
skildra korleis Dili brann og korleis militsen herja i gatene.
Fredag 17. september kom den gode meldinga: Studentleiaren frå
Aust-Timor er i sikkerheit. På telefon frå Darwin i Australia
uttrykkjer da Silva stor uro for dei hundretusenvis av austtimoresiske
flyktningar i Vest-Timor som blir tekne til gislar og terrorisert av den
pro-indonesiske militsen.
- At situasjonen i hovudstaden Dili ser ut til å vera under kontroll,
er gledeleg, men ein må vera klar over at militsen er urekneleg,
seier fredsprisvinnar Antero Benedito da Silva på telefon frå
Australia.
Doktorgrad i ekspressfart
27. september lanserer Det Norske Videnskaps-Akademi si alternative
forskingsmelding. Universitetsavisa kan som fyste avis presentera delar
av innhaldet.
Videnskapsakademiet rettar kritikk mot kvaliteten på norsk humanistisk-
og samfunnsforsking.
Videnskapsakademiet vil også ha ei meir effektiv forskarutdanning
og går inn for at studentar i visse fag kan ta til på doktorgradsstudium
direkte etter cand.mag.
|