NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Unge jenter er ikkje datasinker

Jenter er ikkje datasinker. Det viser ei ny undersøking som gjev indikasjonar om stort rekrutteringspotensiale blant jenter til datafag ved NTNU.

Jenter i ungdomsskulen brukar data nesten like mykje som gutane på same aldersteg. Gutar brukar mykje meir tid på spel, CD-rom og programmering samanlikna med jenter. Jenter brukar nesten like mykje tid som gutar på internett og skulearbeid. Det viser ei undersøking om ungdom sin bruk av ulike læremidler, der også bruken av IKT heime og på skulen inngår.

- Både gutar og jenter er kunnskaps- og undringsretta i sin bruk av PC. Gutar brukar i tillegg datamaskina i større grad som eit underhaldningsverktøy, seier fyrsteamanuensis Berit Skog ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, som har leia undersøkinga.

PC til underhaldning

Undersøkinga er gjennomført på oppdrag frå Nasjonalt læremiddelsenter og byggjer på ein spørjeundersøking blant eit landsrepresentativt utval elevar i 9. klasse våren 1999. 2980 elevar frå 70 skular svara på spørjeskjema. Svarprosenten var 85.

Undersøkinga viser at over 86 prosent av gutar i 9. klasse har tilgang på datamaskin heime. Det tilsvarande talet for jentene er 82 prosent. Både gutar og jenter lærer seg bruken av internett på eiga hand. Gutar tykkjer i større grad enn jenter at dei meistrar internett godt, medan jenter ynskjer i større grad enn gutar å læra meir om bruk av internett.

Populært med jenter og data

I den siste tida har me sett at utdanningsmønsteret for jenter har endra seg. Etter at til dømes prosjektet Jenter og data vart sett i gang i 1997 har talet på kvinnelege søkjarar til NTNU med datateknikk og kommunikasjonsteknologi som fyrsteval auka med nesten 30 prosent. Også ved dei andre teknologilinjene ved NTNU har talet på jenter auka

Berit Skog meiner materialet fangar opp denne endringa:

- Undersøkinga viser at jentene utgjer eit stort rekrutteringspotensiale for datafaga til dømes ved NTNU. Jentene er interessert i IT og ynkjer å læra meir, seier Skog.

Kristin S. Karlsen, leiar for Prosjekt Jenter og data ved NTNU, seier resultata i undersøkinga er særs gledelege.

- Undersøkinga indikerer eit stort rekrutteringspotensiale til det frie datastudiet på Lade der generell studiekompetanse er einaste opptakskrav. Ved datateknikk-studiet på Gløshaugen er kravet fordjuping i matte og fysikk frå vidaregåande. Det viser seg at få jenter som går ut av 3. klasse på vidaregåande skule har denne kompetansen. Problemet er altså ikkje manglande datainteresse blant jenter, men heller manglande interesse for realfag generelt, seier Karlsen.


NORALV PEDERSEN