- Topp å vera NTNU-kvinne
- Eg tykkjer det er topp å vera kvinne ved NTNU.
Randi Holmestad, post.doc i fysikk (t.v.); Catharina
Davies, fyrsteamanuensis i biofysikk; Mari-Ann Einarsrud, professor i uorganisk
kjemi, og Lisa Lorentzen, professor i matematikk, har alle opplevd å
bli teke godt i mot av det teknologiske fagmiljøet og har fått
mykje støtte på den akademiske karrierestigen.
Det er Lisa Lorentzen (55), professor i matematikk, som seier dette.
Rundt henne sit Randi Holmestad (31), post.doc i fysikk; Catharina Davies
(42), fyrsteamanuensis i biofysikk og Mari-Ann Einarsrud (38), professor
i uorganisk kjemi, som alle nikkar samtykkjande. Alle har opplevd å
bli teke godt i mot av fagmiljøa, og har fått mykje støtte
på den akademiske karrierestigen.
- Som éi av få kvinner i eit fagmiljø synest du
betre, og det er lettare å markera seg, bli kjent og bli høyrt,
hevdar Lorentzen.
- Sjølvsagt var det vanskeleg å kvalifisera seg til ein
fast vitskapleg stilling, men det var felles for både menn og kvinner.
Når ein fyrst har kome inn i systemet er det ingen problem å
hevda seg viss ein vil, anten ein er mann eller kvinne. Som kvinne er det
faktisk ekstra motiverande å vera den fyrste kvinna som gjer «ditt
og datt». I tillegg blir det viktig å lykkast fordi ein fryktar
at somme vil generalisera: «Dersom ho gjer det dårleg, er det
fordi ho er kvinne.», seier Lorentzen.
Studentflukt til industri
Mari-Ann Einarsrud meiner det er viktig å rektrutera yngre, dyktige
kvinner.
- Ja, for slik stoda er no forsvinn alle til godt betalte jobbar i industrien,
påpeiker Catharina Davies. Ho har opplevd det som eit stort problem
at få - det gjeld både gutar og jenter - vil satsa på
ei karriere i akademia.
- Til det er nok løna for dårleg, seier Davies. Ho viser
til det på fysikk skal lysast ut om lag 20 stillingar det komande
tiåret.
- Her der det viktig å få inn kvinner. Davis peikar også
på eit anna moment:
- På grunn av kjønnskvoteringsregelen med at det skal vera
minst 40 prosent kvinner i administrative fora, er det mange kvinner som
blir pålagt verv. Sjølv har eg det siste året sagt nei
til å ta på meg noko verv fordi eg må prioritera å
koma vidare i systemet.
- Sidan det er så få kvinner i vitskaplege stillingar, er
det viktig å rettleia kvinner slik at dei vél dei verva med
størst påverknadskrav, seier Einarsrud som sit i sin andre
periode i Kollegiet ved NTNU.
Husmor og forskar
Lisa Lorentzen venta med den akademiske karriera til ho var 40 år.
Til då hadde ho vore husmor for mann og fire barn.
- Eg er veldig glad for at eg både har fått vera husmor
og akademikar. Begge deler er fint på kvar sin måte.
Catharina Davies venta til etter doktorgraden med å bli mor. Ho
har fått tre barn medan ho har arbeidd ved NTNU.
- Mange av dei kvinnelege hovudfagsstudentane og stipendiatane har opplevd
det som positivt å sjå at rettleiar kan kombinera akademisk
karriere med å bli mor, seier Davies. Randi Holmestad, som frå
hausten av er tilsett som fyrsteamanuensis, skal no byrja i pst.doc.-stillinga
att etter svangerskapspermisjon. Nå er det mannen hennar som skal
vera heime med Jonas. Davies meiner det har skjedd ei mentalitetsendring
også blant fedre:
- Det er stadig fleire menn som tek eit sterkare ansvar for barn.
- Mykje har endra seg i det siste, påpeikar Holmestad.
- Ja, når eg skal gje råd til yngre kvinner i dag, veit
dei det frå før. På mi tid krevde det meir å tora.
Det verkar ikkje å vera noko problem no, seier Lorentzen. Også
Einarsrud synest å ha sett ei endring blant kvinnelege stipendiatar.
- No er det heilt sjølvsagt å ta ein doktorgrad.
Les
også: Mannsbastionen NTNU
Les
også: Langt igjen til likestilling |