Brukar nettet til fag
Halvparten av studentane på Steinan søkjer seg
dit på grunn av internettoppkoplinga, viser IT-rapport.
- Nettbruken har auka mykje blant dei som har netttilgang på
hybelen. Internettet blir brukt til fritid, men mest til fag.
Heile 97,5 prosent av studentane ved NTNU brukar internettet i
fagleg samanheng, seier Ole Kristen Solbjørg som står
bak kartlegginga av IT-bruk på studentbyane på Moholt
og Steinan.
Menn best peiling på data
Det er likevel store skilnader frå fag til fag. Medan 55
prosent av studentane ved Historisk-filosofisk fakultet (HF) aldri
har internettkontakt med førelesar eller institutt, er det
tilsvarande talet på Fakultet for fysikk, informatikk og
matematikk (FIM) berre 6,5 prosent.
Tala frå undersøkinga viser at menn har større
utbytte av internett enn kvinner, og at menn har betre
datakunnskapar enn kvinner. Solbjørg forklarar dette med at
det på Steinan bur mange mannlege studentar frå fag
som førutset inngåande datakunnskap. Heile 41,3
prosent ved FIM bur på Steinan. Desse utgjer ein fjerdedel
av alle bebuarane. FIM er samstundes det fakultetet ved NTNU som
har størst del mannlege studentar.
- Tala viser også at kvinner med same datakunnskap som
menn har like godt og for somme betre utbytte av internett som
menn.
Mannsbastion
Av bebuarane på Steinan er berre éi av fem kvinne.
33 prosent av kvinnene har ikkje datamaskin, men alle oppgir behov
for datamaskin. Medan kvinnene vel bustad på bakgrunn av
pris, plassering, vener/miljø, vel menn i større
grad på bakgrunn av bustandard og internettoppkopling.
- Det er tre gonger fleire menn enn kvinner som oppgjev
internettoppkopling som årsak for at dei flytta til Steinan.
Kvinnene buset seg heller på Moholt på grunn av nærleik
til sentrum, skulen og vener, seier Solbjørg. Når også
hyblane på Moholt no har fått internettoppkopling,
trur Solbjørg at det skeive kjønnsmønsteret
vil jamna seg ut:
- Nyhendeeffekten har gjort at mange menn har flytta til
Steinan.
Det er blitt hevda at internett fører til avhengigheit og
sosial isolasjon. Undersøkinga til Solbjørg viser at
ein ikkje utan vidare kan trekkja denne konklusjonen:
- Studentar med tilgang til internett har meir kontakt med vener
på internett. Dei har også meir direkte personleg
kontakt med vener. TEKST:
NORALV PEDERSEN
Les også:
Bruker millioner på data Les
også: På nettet døgnet rundt |