Resultata
* Toppidrettskvinner er rolege og sikre på seg sjølve.
«Ein skulle kanskje tru at aggresjon var ein del av
konkurransementaliteten og skulle verka prestasjonsfremjande, men
dette stemmer ikkje; kvinnelege toppidrettsutøvarar vert
sjeldan irriterte og aggressive.» Kathrine
Bjørgan * Toppidrettskvinner er
sosiale.
«Ei vanleg oppfatning er at toppidrettskvinnene må
forsaka mykje av det sosiale livet for å oppnå gode
idrettsresultat, men undersøkinga viser at idrettsutøvarane
er meir sosiale, omgjengelege og flinkare til å skapa
sosiale relasjonar med andre menneske enn det vanlege studentar
er.» Kathrine Bjørgan
* Toppidrettskvinner har lite angst og
depresjonar.
«Tidlegare forsking har vist at kvinner er meir redde,
nervøse og slit meir med psykisk angst. Kvinnelege
toppidrettsutøvarar er mykje mindre nevrotiske enn
studerande kvinner og liknar på den måten meir på
det tradisjonelle mannsbilete.» Kathrine
Bjørgan Metoden
Kathrine Bjørgan har studert 129 toppidrettskvinner frå
lagidrettane handball, fotball, volleyball og ishockey og 60
kvinner frå dei individuelle idrettane langrenn,
orientering, dans og langdistansespringing. Alle dei 189 som er på
norske landslags- eller rekrutteringslandslag, er blitt samanlikna
med 530 vanlege mannlege og kvinnelege studentar frå dei
fire universiteta i Norge - alle studentar som trenar mindre enn
to timar i veka.
Både studentane og toppidrettskvinnene har gjennomført
personlegdomstesten KSP med 135 spørsmål. Desse dataa
er bakgrunnen for konklusjonane til Bjørgan. For å måla
kjønnsidentiteten har Bjørgan testa ut teoriane til
den amerikanske forskaren Sandra Bem. Målingane hennar har
mellom anna vist at menn tradisjonelt har vore mest pågåande,
uavhengige, viljesterke og dominerande. I faglitteraturen er det
også kjent at kvinner skårar høgare på
«angst-skalaen» og at kvinner i større grad enn
menn blir nervøse og stressa i pressa situasjonar.
Les også: Ekstremt feminin
- og maskulin Les også:
Guri Knotten kjenner seg att |