Uakademisk om nordiskfaget
Same dag som radioen melder at atten
fagmiljø ved Universitetet i Oslo er avvikla og at rektor
kallar denne raseringa for 'skaprydding', les eg i Universitetsavisa
(nr 2-27.januar 2000) at nordiskfaget har hatt rekrutteringsproblem
i tjuge år og at dekanus Petter Aaslestad, sjølv
professor i nordisk litteratur, og min gode kollega, både
skjønar og kan forklare problemet: Vi har
ikkje reflektert over faget sin eigenart, vi har ikkje tatt
nok omsyn til samfunnsutviklinga, vi driv med nasjonal identitetsskaping
i staden for intellektuell refleksjon, vi er gamalmodige og
uakademiske!
Kva skal ein ikkje få av sine eigne!
Eg vart provosert og forbanna og trist av å lese intervjuet,
mest av alt fordi bildet han gir av nordiskfaget er så
fjernt frå det bildet eg har. Og så fjernt frå
røyndomen. Problemet er ikkje at eg er usamd med Petter
Aaslestad i det han held fram som faglege verdiar, eller i behovet
for kontinuerleg fagkritikk og refleksjon. Nei, det eg finn
grovt urimeleg, er at han framstiller oss som eit fag utan desse
verdiane.
Nordisk har heller ikkje hatt rekrutteringsproblem
i tjuge år. Det kan dokumenterast med statistikk. Etter
nedgangen og den brå veksten på 1980-talet har faget
hatt god rekruttering til for to semester sidan, da nedgangen
skjedde like dramatisk som brått. Det har mange, samansette
årsaker som vi må prøve å finne ut
av, men grunnen er neppe at studentane brått, der og då,
kom på at nordisk var gammaldags og uinteressant. Gledeleg
god har også rekrutteringa av forskningsstipendiatar vori
i nordiskfaget dei siste åra, når det gjeld både
littterære og språklege disiplinar, og kanskje kan
vi vere så freidige at vi set dette i samband med det
aktive forskingsmiljøet vi har på nordisk, eit
miljø som har ført til mange gode hovudoppgåver
og seinare forskingsprosjekt. Eg får ikkje dette høge
aktivitetsnivået til å stemme med det preget av
bakevje som dekanus gir fagmiljøet vårt.
Ved å skjøne kvifor studentane
«strømmer til mediafagene» og ved å
relatere til «samfunnsutviklingen» kjem Aaslestad
til å røre ved det vanskelege forholdet mellom
kvalitet og popularitet. Innanfor kunst og kultur
er dette gjenstand for ein evig debatt, og stadig større
felt blir i dag vurdert og bedømt ut frå kvantitative
kriterium. I ein slik 'samfunnssituasjon' bør ikkje popularitet
i omtalen av universitetsfag og fagutvikling vere eit uproblematisk
og eintydig positivt fenomen. I det å «skjele til
samfunnsutviklingen» i dag, ligg det ein fare som signaliserer
det motsette av det å vere kritisk og reflektert i sine
holdningar.
I det stutte avisintervjuet talar dekanus
med store bokstavar, og det er lett å gi han synspunkt
og holdningar han ikkje har. Men slik intervjuet står,
er det ikkje først og fremst det vi formidlar,
Aaslestad er kritisk til, men måten vi formidlar
faget på, og i mitt tilfelle litteraturen. Vi formidlar
ein stivna tradisjon, gammalmodig og ureflektert.
Gjer vi verkeleg det? Er vi så
forstokka i forhold til den fagrefleksjon og dei metaperspektiv
som har prega litteraturstudiet i så mange år? Litteraturhistoria,
som tradisjonelt har vori mediet for «nasjonal identitetsskaping,
blir da i dag studert i dette kritiske perspektivet. Ja, nettopp
litteraturhistoria gir nordiskstudenten og læraren eit
privilegert høve til å sjå og reflektere
over ideologiske føresetnader for sjangeren . Og
når det gjeld teoretiseringa av litteraturfaget, som har
vori så sterk dei seinare åra, er vi med, og les
dei same kanoniserte, internasjonale teoretikarane som studentar
på andre litteraturfag. Den norske kanonlitteraturen blir
ikkje studert som nasjonale klenodium, men i det kritiske perspektivet
som kunnskap om faghistorie, metode og teori i beste fall kan
gi råstoff til.
Men sjølvsagt skal vi ikkje vere
for sjølvtilfredse. Ein som har vori med i studieplanarbeid
i over tretti år, veit kor vanskeleg det er å bryte
radikalt med fagtradisjonen, og i kor stor grad strevet endar
i kompromiss på kompromiss. Nordiskfaget kunne
sjølvsagt hatt eit heilt anna innhald enn det har i dag,
mindre bestemt av ein sterk fagtradisjon. Vi kunne hatt andre
faglege tyngdepunkt og prioriteringar. Innhaldet i faget og
undervisningsformene i faget kunne vori andre. Forholdet mellom
eldre og nyare litteratur, mellom skjønnlitteratur og
teorilitteratur, mellom læring gjennom skriving og gjennom
lesing - er ikkje gitt ein gong for alle. I eit slikt perspektiv
er vi tradisjonelle og treng debatt, utprøving og eksperimentering,
som alle andre universitetsfag. Men den alvorlege mangelen som
dekanus utstyrer oss med, kan eg ikkje forstå at vi har.
Steinar Gimnes,
professor
ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap
.