Fellesemner – Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap
Fellesemne
Områdeemne
I utdanningsplanen din ser du om du skal ha eitt obligatorisk områdeemne, eller om du kan velje mellom fleire angitte områdeemne.
Områdeemnet skal bidra til å knyte ein NTNU-identitet til studieporteføljen, styrkje integrasjonen og byggje faglege fellesskap i eit nytt NTNU, styrkje relevansen til studieprogramma, og dessutan gi nødvendige felles perspektiv på studiane ved NTNU.
Alle studieprogram ved NTNU er tilhøyrar eit studieområde, som representerer eit fagleg fellesskap. SU-fakultetet har studieprogram innanfor følgjande 3 av totalt 7 studieområde ved NTNU:
- Samfunnsvitskap
- Medisin og helse
- Lærar- og lektorutdanning
Innanfor kvart studieområde er det utvikla eitt eller fleire områdeemne. Studieplanen for studieprogrammet angir kva som er godkjent områdeemne(r) i programmet.
Områdeemna som blir underviste haustsemesteret, har i utgangspunktet kolliderande eksamenstidspunkt. Du bør derfor velje berre eitt områdeeemne per semester.
Viss du har eit emne som har overlappande innhald, omfang og nivå med områdeemne i studieprogrammet ditt, kan du søkje om å få godkjent emnet som tilsvarande områdeemne i grada di. På denne wikisiden om godkjenning av utdanning kan du lese meir om kva som gjeld viss du skal sende ein slik søknad.
Fellesemne
Fellesemnene er obligatoriske i alle bachelorprogram og 5-årige masterprogram ved NTNU.