Campusbesøk – Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap
Campusbesøk på Dragvoll
Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap
Campusbesøk på Dragvoll
Foto: Elin Iversen/NTNU
Har du lyst til å besøkje campus Dragvoll? Studentambassadørane våre tek i mot skuleklassar og mindre grupper til omvisning på campus, foredrag om studentlivet og faglege innslag frå forelesarar og forskarar.
Opplegget kan tilpassast den tida de har til rådvelde, og vi tek i mot eventuelle ønske om å høyre om spesifike fagretningar innanfor samfunns- og utdanningsvitskaplege fag.
Besøk Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap
Slik kan eit campusbesøk på Dragvoll sjå ut:
10.00 - 11.00:
Foredrag om studenttilvære på NTNU og i Trondheim, med nokre av studentambassadørane våre.
11.00 - 11.30:
Fagleg innlegg med ein av forelesarane eller forskarane våre.
11.30 - 12.15:
Lunsj i kantina saman med studentambassadørane. Ta med eigen mat, eller kjøp i kantina.
12.15 - 12.45:
Omvisning på campus.
12.45 - 13.30:
Omvisning på lab eller klinikk med ein av forskarane våre.
Studentambassadørane våre kan også komme til skulen din og fortelje om studietilbodet innan samfunns- og utdanningsvitskap, og om korleis det er å vere student på NTNU og i Trondheim.
Vi kjem gjerne inn i ein skuletime, og det er mogleg å ønskje seg studentar frå spesifike fagretningar.