Change to norwegian language

Information about abroad exchange destination

  • University in Norway

    NTNU

  • Study programme at NTNU:

    Fysikk og Matematikk

  • Exchange period

    Høst og vår 2017/18

  • Would you recommend others to travel to the location?

    ja

  • What is the reason for the recommendation?

    Universitetet har eit godt miljø blandt dei internasjonale studentane, så det er lett å bli kjend med dei fleste ikkje-koreanarane. Dorms er veldig billige (ca 5000kr pr semester) , men ein kan/får ikkje lage mat, så alt av mat må kjøpast i kantinene eller liknande. Dei fleste relevante faga er på engelsk, men nivået på engelsken varierar. Det er stort sett mogleg å forstå kva førelesarane seier. Eg opplever det som eit litt lite utval av fag på masternivå, men det er mogleg å fylle opp timeplanen.

  • english

    anna.rekdal@outlook.com

Summary

  • Why did you choose this institution?

    Kult namn, billige dorms.

  • Would you recommend others to go exchange?

    ja

  • What do you consider to be the biggest gain of going on exchange?

    Eg har blitt flinkare til å ta initiativ. Oppleve ein annan kultur

  • What do you consider to be the biggest downside of going on exchange?

    Meir bry å finne passande fag.

Social conditions

  • How was the reception program at the place of study (orientation week, mentors)?

    Det var ok. Det var ein del fellesinformasjon med alle utvekslingsstudentane, og ei omvisning på campus. Orienteringa varte 2 dagar. Eg fekk ein buddy, som eg delte med ca 3 andre. Tre buddyar og fadderbarna lagde større grupper, så du fekk litt fleire folk, og det var nødvendig, for buddyopplegget var ikkje organisert, men opp til kvar enkelt gruppe. Eg traff buddyen min ca 3 gongar totalt. Koreanerane må vere med på ein del eksterne aktivitetar i løpet av studiet, og ein av dei dei kan velje er buddyprogrammet, så dei fleste var med fordi det var lite jobb, og ikkje fordi dei hadde eit ønske om å bli kjend med oss... Ein del buddyar var visstnok heilt supre, men ikkje dei fleste.

  • What offers were available at the place of study (Leisure activities, extracurricular activity, etc.)?

    Det er mykje tilgjengeleg, om du er ivrig og kan koreansk. Det er fortsatt eit greitt tilbod om du ikkje snakkar koreansk, men det er oftare reine internasjonale klubbar og aktivitetar. Fotballag, tennis, piano og klatring er nokre av klubbane eg veit utlendingar er med i.

  • What tips do you have for getting better integrated at the study location?

    Kunne koreansk på høgt nivå... Koreanerane er temmelig dårlege i engelsk, sjølv om dette er eit eliteuniversitet, og er sjenerte. Du kan nok kompensere delvis ved å vere veldig open og utadvendt, eller ved å jobbe i ein lab (slik alle masterstudentane her gjer), eller komme deg inn i ein koreanskdominert klubb.

  • What is your review of the city?

    KAIST ligg i utkanten av Daejeon. Eg har berre vore ned i byen nokre få gongar, om du ikkje tel å komme seg til togstatsjonen. Daejeon har ca 1,5 millionar innbyggjarar, så du finn det meste der, men det er ikkje ein veldig spanande by. Seoul er ein time eller to vekk, alt etter om ein køyrer med det raske eller treige toget, og har mykje meir å tilby.

  • Did you experience any challenges with the language?

    Ja, med personell på campus (på eit tidspunkt mima eg til dorm manager at dusjen min var tett), og med mange medstudentar. Mange er redde for å snakke engelsk, og heller ikkje veldig flinke. Det går stort sett greitt. På restaurantar og liknande er det veldig greit å kunne litt koreansk. På campus har dei menyar på engelsk. Dei internasjonale studentane er dei eg snakkar mest med, og der er engelsken heilt fin.

  • How would you rate the social experience?

Academic information

  • How do you assess the academic level compared to NTNU?

    Generelt litt lavare. Sjølve undervisningsforma er ganske lik, men med litt mindre fokus på å forklare ting tydeleg. Ein må i større grad finne relevant trening sjølv. Mange flinke folk.

  • How do you consider the teaching program to be, compared to NTNU?

    Øvingsopplegga er ofte mindre omfattande enn ved NTNU, og tel som regel på karakteren. Det er vanskelegare å diskutere pensum/leksene utanom timane, men det er kanskje pga språkbarriera.

  • How would you rate the academic quality?

  • Which courses did you take, and which courses are you planning to get them approved as?

    Fagkode vert:

    HSS586 Introductory Korean for Foreigners 1

    Fagkode NTNU:

    K-emne

    Fagkode vert:

    PH441 Introduction to Plasma Physics

    Fagkode NTNU:

    Fagkode vert:

    PH489 Astrophysics

    Fagkode NTNU:

    Fagkode vert:

    PH509 Statistical Physics

    Fagkode NTNU:

    Fagkode vert:

    PH611 Advanced Solid State Physics 1

    Fagkode NTNU:

    Fagkode vert:

    HSS587 Introductory Korean for Foreigners 2

    Fagkode NTNU:

    Fagkode vert:

    PH471 Theory of Relativity and Cosmology

    Fagkode NTNU:

    Fagkode vert:

    PH450 Nuclear and Elementary Particle Physics

    Fagkode NTNU:

  • How was the process of picking courses at the hosting institution?

    Grei. Du har ein dag eller to på å melde deg opp eit par månadar før semesterstart, og så kan du fjerne og legge til fag frå ei veke før semesterstart til ei veke etter. Det er litt for lite til å prøve ut faga skikkeleg og så bestemme seg, men ein får ein sjangse. Fagoppmelding skjer på nett, og er relativt enkelt å forstå. Om ein vil ta fleire credits enn grensa, kan ein gå ei runde og samle underskrifter og bli manuelt registrert i ekstra fag.

  • What was the teaching language?

    Engelsk

  • Any secondary teaching language?

    Ikke relevant

Finances and economy

  • What was the school money per semester?

    0 kr

  • What was the housing cost per Month (including power, internet, etc.)?

    1500 kr

  • What scholarships did you receive other than "Lånekassen"

    NTNU-stipend.

  • How much did you spend in addition to the money from "Lånekassen" during your stay?

    0 kr

  • Was the exchange worth the expenses?

    Ja, går omtrent i 0 med pengane frå Lånekassa, med ein del reising.

  • Do you have other comments on the economic side of your stay?

    Det dyraste med opphaldet for meg blir nok dei 2 månadane eg hadde vinterferie og reiste rundt i Asia.

Practical information

  • When did you get a confirmed spot at the host institution?

    May 2017

  • What challenges were there with the visa (if relevant)?

    Nei, eg var innom ambassaden, leverte passet, og fekk visum ca ei veke seinare, om eg hugsar rett.

  • What vaccines did you take before going on exchange (if relevant)?

    Ingen

  • How did you get a place to live?

    Huka av på at eg ønska boleg under søknadsprosessen til KAIST.

  • Which modes of transport were relevant to you (collectively, your own car, bike, etc.)?

    sykkel/gå rundt på campus

  • Did you get help with practical preparation of the host institution, what kind if any?

    Eg fekk tilsendt instruksjonar til taxisjåfør på koreansk, og skildringar av korleis kome seg til universitetet, samt tildelt rom og romkamerat før eg kom.

  • What insurance did you have during your stay?

    ANSA studentforsikring (ca 5000kr).

  • How early should one start planning the exchange stay?

    Seinast heilt i starten av semesteret før du reiser.

Search process

  • What was the most important source of information you used and how did you use it?

    Sjølve søknadsprosessen var veldig grei.

  • What aspects are important to be aware of during the application process (Language test, grades, application letter, application deadline, curriculum, etc.)?

    Du må skrive eit lite søknadsbrev, men eg trur ikkje det betyr noko i praksis. Du slepp språktest om du har 4 eller betre i engelsk frå VGS. Du må (bør) melde deg opp til fag i sommarferien om du reiser om hausten. Merk at det er mogleg å søke om eit ekstra stipend for utveksling Noreg-Korea frå ASEM DUO, men då må det vere ein student frå KAIST som reiser til NTNU. Verdt eit forsøk! Eg trur søknadsfristen er i mai.

  • To what extent do you feel that the study programme made it possible for you to go on                          exchange?