Eksamenstilgang for privatistar

Eksamenstilgang for privatistar

 

Eksamenstilgang for privatistar er for søkjarar som ønskjer å ta eksamen ved NTNU utan å være tekne opp som studentar.

Dersom du har generell studiekompetanse kan du søkje om å ta eksamen i et avgrensa utval emne innan samfunnsvitskaplege og humanistiske fag.

Retten til eksamenstilgang er nemnt i § 3-10 i Universitets- og høgskolelova.

 

Gjentak av eksamen

Har du vore NTNU-student tidlegre, men har slutta på studieprogrammet utan å ha fullført graden din, kan du søkje om gjentak av eksamen gjennom privatistordninga.

Dersom du har fullført ein grad ved NTNU, skal du heller søkje om emnestudierett.

 

Slik søker du:

 

1. Vel blant emne som er tilgjengelege for privatistar

Du kan kun søkje på emne som er godkjende av fakultetene: Emne som er tilgjengelege for privatistar hausten 2024 og våren 2025 (PDF)

Enkelte av emna kan ha krav om forkunnskap. Du er selv ansvarleg for å setje deg inn i krava som er beskrivne i studieplanen. Mer informasjon om eventuelle forkunnskapskrav finn du ved å søkje opp det aktuelle emnet på NTNUs emneoversikt.

Merk at emne innan realfag og informatikk berre er tilgjengelege ved gjentak av eksamen.

Det er inga rangering av søkjarar. Det vil seie at alle som oppfyller gjeldande opptakskrav, og som har søkt på emne som er tilgjengelege for privatistar, vil få innvilga søknaden om eksamenstilgang.

 

2. Registrer søknad

Registrer søknad på Søknadsweb. Du finn opptaket "Eksamensadgang" under "Opptak til enkeltemner".

Dersom du ønskjer å søkje om gjentak av eit emne du tidligere har vore oppmeldt i, må du skrive dette i merknadsfeltet.

Søkjarar som må laste opp dokumentasjon vil få melding om dette.

 

3. Vent på svar

Søkjarar får svar per e-post innan 30. september (haustsemesteret) eller 28. februar (vårsemesteret). Privatistar har egne frister for betaling av semesteravgift.

Søknadsfristar for privatistar

Søknadsfristar for privatistar

  • ​​​​1. september er søknadsfrist for haustsemesteret:
    Du kan søkje frå ca. 1. august.
  • 1. februar er søknadsfrist for vårsemesteret:
    Du kan søkje frå ca. 15. november.

Kan eg få lån og stipend som privatist?

Kan eg få lån og stipend som privatist?

Privatistar har ikkje samme rett til velferdsgode og studiefinansiering som ordinære studentar. Ta kontakt med Studentsamskipnaden og Statens lånekasse for meir informasjon.

Studieavgift ved NTNU

Studieavgift ved NTNU

Dersom du har statsborgerskap fra land utenfor EU/EØS og Sveits, må du betale studieavgift for å studere på NTNU. 

Du kan finne mer informasjon på nettsidene våre: Studieavgift ved NTNU

Kontakt Opptak

Kontakt Opptak

E-post:
opptak@ntnu.no

Telefon:
73 59 77 00
Mandag–fredag 09:00–11:30

Postadresse:
NTNU Enhet for opptak
Postboks 8900 Torgarden
7491 Trondheim.