Utenlandsopphold - Master fransk
KRYSSPUBLISERT – Utveksling facebook
Reise på utveksling
Reise på utveksling
I masterprogrammet i fransk har du høve til å studere eit semester i utlandet. Utanlandsstudiet gir deg høve til fagleg fordjuping og kulturelle opplevingar du ikkje har tilgang til ved NTNU og i Trondheim. Utanlandsstudiet blir vanlegvis lagt i 2. semester. Du bør starte planlegginga av utanlandsstudiet så snart du har fått opptak til mastergraden.
Informasjon om utveksling ved NTNU
Kva kan eg studere?
I utgangspunktet er dei fleste faglege fordjupingar ved vertsuniversitetet opne for deg når du reiser som utvekslingsstudent. Val av fordjuping må likevel sjåast i samanheng med tema for masteroppgåva, og veljast i samråd med faglærar ved Institutt for språk og litteratur. Du må også sørgje for å ha førehandsgodkjenning i orden.
Utanlandsstudiet på 30 sp erstattar emna som ligg i det 2. semesteret til studiet (sjå Studiets oppbygning). Utanlandsopphald som går over heile 2. semester gir fritak frå Ekspertar i team.
NTNU har utvekslingsavtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar i Europa. Enkelte avtalar er spesielt eigna for språkstudentar, til dømes: