Emne - Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs - TPG4175
TPG4175 - Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs
Om emnet
Vurderingsordning
Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer
Vurdering | Vekting | Varighet | Delkarakter | Hjelpemidler |
---|---|---|---|---|
Skriftlig skoleeksamen | 100/100 | 4 timer | D |
Faglig innhold
Dette emnet er grunnleggande for alle som vil arbeide med undergrunnsdata i petroleumsindustrien. Brønnloggdata gjev svar omkring petrofysiske, geologiske og mekaniske eigenskapar som ein treng for å evaluere eit felt. Emnet dekker fundmentale petrofysiske begrep og likningar. Følgande brønnloggemålingar vert diskuterte: resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, fotoelektrisk absorbsjon, akustiske målingar, kjernemagnetisk resonans og måling av formasjonstrykk. Videre diskuteres målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - og korrigering av dataene for slike faktorar. Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald. Gjennom praktiske øvingar og prosjekt lærer ein å tolke brønnloggdata.
Læringsutbytte
Ingress: Emnet gjev innsikt i kva rolle målingar i borehol har for utforsking av petroleumsreservoar. Emnet dekker ei rekkje målemetodar og korleis desse brukast til å bestemme sentrale bergartsparametrar som porøsitet, permeabilitet, vassmetning og kva bergart ein har langs boreholet.
Kunnskapar: Studentane lærer å forstå og bruke følgjande:
- Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar. Korleis oppbygginga av ein bergart innverkar på målingane våre og på sentrale petrofysiske parametrar som porøsitet, permeabilitet og metning.
- Dei viktigaste logge-metodane i borehol: Måling av resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, fotoelektrisk absorbsjonsindeks, akustiske målingar, måling av formasjonstrykk, kjernemagnetisk resonans og anna.
- Målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - korrigering av dataene for slike faktorar. - Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald.
Ferdigheiter: Studentane skal kunne forstå og gjere ei enkel tolking av dei vanlegaste loggmålingane ein gjer i borehol. Dei skal kunne finne hovedtrekka i litologi, porøsitet, metning og permeabilitet og finne og rekne ut kor mykje ein har av forskjellige fluidtypar - olje, gass og vatn.
Generell kompetanse: Gjennom gruppearbeid lærer studentane å samarbeide og å vise ansvar for sin del av øvingsarbeidet. Ved å arbeide med verkelege data frå felt i drift, lærer studentane å forstå at verkelege data kan vere usikre, og at ein må vise skjønn og forståing for å finne gode svar på tolkingsproblema.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og gruppearbeid. Obligatoriske øvingar. Emnet blir undervist på engelsk dersom internasjonale masterstudentar vel emnet. Ei referansegruppe evaluerer emnet.
Obligatoriske aktiviteter
- Øvinger
Mer om vurdering
Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til munnleg eksamen.
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggande kunnskapar i fysikk, geologi og matematikk.
Kursmateriell
Kompendium, forelesingsnotatar, korreksjonsdiagram. Artiklar. Brønnloggdata frå den norske kontinentalsokkelen.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra | Til |
---|---|---|---|
SIG4050 | 7.5 | ||
TPG5120 | 7.5 | HØST 2010 |
Ingen
Versjon: 1
Studiepoeng:
7.5 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III
Termin nr.: 1
Undervises: HØST 2024
Undervisningsspråk: Engelsk
Sted: Trondheim
- Geofysisk tolkning
- Petroleumsgeofag
- Petroleumsteknologi - Petroleumsproduksjon
- Petroleumsteknologi - Dypboringsteknikk
- Petroleumsteknologi - Reservoarteknikk
- Petroleumsgeologi, sedimentologi
- Formasjonsevaluering
- Petrofysikk
- Petroleumsproduksjon/Brønnteknologi
- Petroleumsgeofysikk
- Borehullslogging
- Dypboringsteknikk
- Petroleumsteknologi
- Petroleumsgeologi
- Petroleumsproduksjon
- Ressursgeologi
- Reservoarteknikk
- Anvendt geofysikk
- Geofysikk
- Geologi
Eksamensinfo
Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
- Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
- Høst ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 D 30.11.2024 09:00 INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater SL110 turkis sone Sluppenvegen 14 30 - Sommer UTS Skriftlig skoleeksamen 100/100 D INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"