Emne - Varme- og forbrenningsteknikk - TEP4170
TEP4170 - Varme- og forbrenningsteknikk
Om emnet
Undervises ikke studieåret 2024/2025
Faglig innhold
Grunnleggjande om flammer og kjemiske reaksjonar: termodynamikk, eksperimentell undersøking. Kjemisk kinetikk, reaksjonsmekanismer, laminære forblanda og uforblanda flammer. Turbulens og forbrenning; turbulensmodellering, turbulent forbrenning, "Eddy Dissipation Concept" (EDC). Danning av forureining, NOx, sot. Forbrenning av faste og flytande brensler. Reaksjonskinetikk.
Læringsutbytte
Kunnskapar: Studenten får kunnskap om: - brensel og forbrenningsinnretningar. - fysisk og kjemisk grunnlag. - forureining. - sikkerheit (brann m.m.). Studenten får innsikt i: - kjemisk kinetikk, kjemiske mekanismar, forenkla og detaljerte reaksjonar - laminære flammer; kvalitativt og kvanti-tativt om brenselomsetnad, temperatur, produkt m.m. - kva turbulens har å seie for varmeutveksl-ing, blanding og forbrenning, og korleis dette kan uttrykkast matematisk. - turbulensteori og modellering, dei van-legaste turbulensmodellane - grensesjikt; faste flater i strøyminga. - flammeregime, små og store skalaer (tid, lengd) og kva dei har å seie - forbrenningsmodellar for numerisk rekning (CFD). Ferdigheiter: Studenten skal vere i stand til å: - forstå korleis forbrenningsinnretningar verkar og korleis ein kan gjere enkle eller detaljerte utrekningar for desse. - velje modellar (turbulens, forbrenning, kjemi) til bruk i numerisk rekning (CFD). - arbeide vidare med eit vidt spekter av forbrenningstilfelle - overføre kunnskap mellom ulike slag tilfelle med forbrenning. Generell kompetanse: Studenten skal ha forståing for: - at fluidmekanikk, termodynamikk, varme- og massetransport og kjemi er generell kunnskap. - korleis bruke teorien til å løyse nye problem. - korleis forbrenning verkar og korleis det kan endrast, t.d. for å redusere forureining og auke energiutnyttinga.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, sjølvstudium, øvingar. Undervisninga er på engelsk dersom studenter som ikke kan norsk tek emnet. Er undervisninga på engelsk vert eksamensoppgåvene gjevne berre på engelsk, medan studenten kan svare på norsk eller engelsk.
Obligatoriske aktiviteter
- Øvinger
Mer om vurdering
Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen verte endra til munnleg eksamen.
Anbefalte forkunnskaper
TEP4125 Termodynamikk 2, TEP4130 Varme- og massetransport.
Kursmateriell
Ertesvåg: Turbulent flow and combustion (Turbulent strøyming og forbrenning, Tapir 2000). Turns: An introduction to combustion, McGraw-Hill.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra | Til |
---|---|---|---|
SIO1073 | 7.5 |
Versjon: 1
Studiepoeng:
7.5 SP
Studienivå: Høyere grads nivå
Ingen
Undervisningsspråk: Engelsk, Norsk
Sted: Trondheim
- Energi- og prosessteknikk
- Forbrenning
- Teknologiske fag
Ansvarlig enhet
Institutt for energi- og prosessteknikk
Eksamensinfo
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"