course-details-portlet

SKOLE6033

Skriving og lesing i begynneropplæringa

Velg studieår
Studiepoeng 7,5
Nivå Videreutdanning lavere grad
Undervisningsstart Vår 2025
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Muntlig eksamen (målform på presentasjon: Nynorsk)

Om

Om emnet

Faglig innhold

Emnet tek føre seg teoretiske og didaktiske inngangar til skrive- og leseopplæringa i dei tidlege skuleåra.

Emnet skal bidra til å utvikle studentane sin faglege kunnskap om språk- og tekstutvikling hjå dei yngste skulebarna. Barn si utprøving av ulike semiotiske ressursar i eiga meiningsskaping vil stå sentralt. Forankra i dette vil ulike inngangar til lese- og skriveopplæringa bli tematisert. Eit gjennomgåande perspektiv vil vere korleis ein kan dra vekslar på elevane si eiga utforsking i samspel med systematisk opplæring, forankra i teori og forsking. Målet er at studentane skal utvikle evne til å ta sjølvstendige og grunngjevne val i arbeidet med å leggje til rette for god opplæring i tidleg skriving og lesing.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har

  • kunnskap om teoriar om barn si utvikling av lesing og skriving i dei første skuleåra
  • brei kunnskap om didaktiske tilnærmingar til tidleg skriving og lesing - inkludert digitale og utforskande arbeidsmåtar
  • kunnskap om faglege tilnærmingsmåtar som kan førebyggje lese- og skrivevanskar og fremje skrive- og leseutvikling hjå elevar med ulik fagleg ståstad og ulik språkbakgrunn

Ferdigheiter

Studenten kan

  • leggje til rette for utforskande, kreative og leikprega aktivitetar i den første skrive- og leseopplæringa
  • bruke samtale om elevane sine eigne tekstar på ein hensiktsmessig og kreativ måte for å styrkje elevane sitt metaspråklege medvit og lese- og skrivekompetanse
  • analysere kvar eleven er i si lese- og skriveutvikling, og nytte dette som grunnlag for tilpassa opplæring
  • analysere barn sine tekstar med vekt på føremålet med skrivinga

Generell kompetanse

Studenten kan

  • analysere og vurdere relevante problemstillingar knytt til tidleg skrive- og leseopplæring
  • nyttegjere seg av innsikt frå forsking i planlegging og gjennomføring av begynnaropplæring i skriving og lesing
  • gjere kritiske vurderingar av undervisningsopplegg, lærebøker og undervisningsmateriell i den første skrive- og leseopplæringa

Læringsformer og aktiviteter

Emnet går over eitt semester med tre samlingar, fortrinnsvis fysiske samlingar i Trondheim. Mellom samlingane blir det lagt opp til sjølvstudium, arbeid med ulike oppdrag og deltaking på læringsplattform.

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, diskusjonar, praktiske øvingar, tekstseminar og munnlege og skriftlege studentpresentasjonar. Det vil bli arbeidd systematisk med akademisk lesing og skriving.

Obligatoriske aktiviteter

  • Innsamling av empiri fra egen praksis som forberedelse til eksamen
  • Analyse av elevtekst (nynorsk)
  • Framlegg på samling (målform på presentasjon: Nynorsk)
  • Obligatorisk oppmøte på samlinger

Mer om vurdering

Mellom samlingane skal studentane utføre obligatoriske arbeidsoppdrag som mellom anna vil vere knytt til arbeid med elevar og kollegar på eigen skule. All obligatorisk skriftleg aktivitet skal gå føre seg på nynorsk.

Obligatoriske aktivitetar blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend

Eksamen i emnet gjennomførast som ein todelt munnleg eksamen med presentasjon først og ein påfølgjande emnesamtale. Presentasjonen er utarbeida på førehand og tillatne hjelpemiddel er manus på inntil 1 maskinskrive side.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnleggende lese–, skrive– og matematikkopplæring (GLSM) (KGLSM)

Kursmateriell

Pensumliste vil bli offentleggjort gjennom læringsplattform før semesterstart.

Fagområder

  • Fagdidaktikk
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Pedagogiske fag

Kontaktinformasjon