Emne - Regionsstudie (Midtøsten og UK/Irland) og sammenlignende perspektiver på samfunnsfag (5-10) - MGLU4510
MGLU4510 - Regionsstudie (Midtøsten og UK/Irland) og sammenlignende perspektiver på samfunnsfag (5-10)
Om emnet
Vurderingsordning
Vurderingsordning: Muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer
Vurdering | Vekting | Varighet | Delkarakter | Hjelpemidler |
---|---|---|---|---|
Muntlig eksamen | 100/100 | 30 minutter | HJELPEMIDD |
Faglig innhold
Fagleg innhald
Emnet inneheld eit regionsstudium av to regionar (Midtausten og UK/Irland) og ein del som samanliknar samfunnsfaga som skulefag i Noreg og UK/Irland. Midtaustendelen av studiet handlar om utviklinga i nyare tid fram mot sjølvstendige statar, demokratitilhøve, sentrale konfliktar (irekna ressurskonfliktar), og om korleis aktørar utanfor regionen har påverka utviklinga i Midtausten. UK/Irlandsdelen er konsentrert om politiske system og strukturar, samanlikna med Noreg. Den fokuserer dessutan på regionale variasjonar, konfliktar i og mellom ulike delar av regionen og drøftar eit utval aktuelle politiske spørsmål i regionen. Ein samanliknande studie av samfunnsfaga som tilsvarer det norske samfunnsfaget 5-10 med det norske samfunnsfaget i eit område i regionen, er og ein del av emnet. Denne delen tematiserer ulikskap i læreplanar og andre styringsinstrument, i lærebøker og andre læringsressursar og dessutan utviklingsliner og pågåande utviklingsarbeid og samfunnsfagdidaktiske orienteringar og tenking. Emnet inneheld og eit feltkurs til UK og/eller Irland med friviljug deltaking, med program tilpassa emneinnhaldet.
Læringsutbytte
Læringsutbyte
KUNNSKAP
Studenten
- har inngåande kunnskap om statsutvikling, demokratiforhold, ytre stormaktsinnblanding og konfliktar i Midtausten i nyare tid.
- har avansert kunnskap om og kan samanlika politiske system, partisystem, valordningar og utvalde politiske konfliktliner i UK/Irland med tilsvarande i Noreg.
- har inngåande kunnskap om etnisk, sosio-demografisk og økonomisk ulikskap/variasjon i dei to regionane.
- har inngåande kunnskap om regional samanlikning og teoriar om regional utvikling og regionale skilnader.
- har inngåande empirisk kunnskap om etniske konfliktar og avansert kunnskap om teoriar om etnisk dominans og konflikt.
- har inngåande kunnskap nokon av dei skolefaga i UK/Irland som tilsvarer eller inngår i det norske samfunnsfaget 5-10, og om utviklingsliner og pågåande utviklingsarbeid i desse.
FERDIGHEITER
Studenten
- kan samanlikna sosio-demografiske, økonomiske og politiske tilhøve og utviklingsliner i regionane.
- kan finna, vurdera, velja ut og tilpassa relevante fagkjelder til bruk i skulen.
- kan planleggja, gjennomføra og vurdera samanliknande undervisning.
- kan gjennomføra samanliknande skulefaganalyser.
- kan vurdera kva omsyn samfunnsfagundervisning om konfliktområde eller i klassar med elevar frå område med akutt konflikt kan eller bør ta.
- kan vurdera skilnadene mellom objektivitet, nøytralitet, ballanse og kritisk openheit med tanke på undervisning om politiske tilhøve og konfliktar
- kan analysera og forhalda seg kritisk til ulike konfliktsyn og ulike oppfatningar av rettferd og likeverd.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan planleggja ekskursjonar utanfor skulens nærområde
- kan bruka innsikter frå masterfaget i utviklingsarbeid saman med andre faglærarar.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, seminar med studentpresentasjonar, øvingar/studentoppgåver. Sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Det kan organiserast feltkurs med frivillig studentdeltaking i United Kingdom og/eller Irland med programpostar som er relevante for emneinnhaldet.
Obligatoriske aktiviteter
- Obligatoriske arbeidskrav iht emnebeskrivelsen
Mer om vurdering
Obligatoriske arbeidskrav:
- deltaking på introduksjonsøkt
- deltaking på 80% av kunngjorte seminar
- 1 individuell seminarpresentasjon
- kortpresentasjon i samband med oppøving i ekskursjonsplanlegging eller kortpresentasjon av programpunkt dersom det vert organisert feltkurs med friviljug deltaking. Arbeidskravet oppfyllast gruppevis.
- lese- og øvingslogg utarbeidd i gruppe etter spesifikasjonar kunngjort ved semesterstart.
Eksamen:
Individuell munnleg eksamen om lag 30 minutt, der delar av eksamen kan ta utgangspunkt i lese- og øvingsloggen studenten er medansvarleg for. Eksamen vert vurdert med bokstavkarakter A-F.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger
Anbefalte forkunnskaper
Tilrådde førehandskunnskapar
Stått samfunnsfag 2 (30 studiepoeng) eller tilsvarande.
Forkunnskapskrav
Krav om førehandskunnskap
Studenten må ha stått samfunnsfag 1 (30 sp) og gjennomførd samfunnsfag 2 (30 sp) for å kunna starta på emne i syklus 2. Stått inneber at studenten har fullført og stått på eksamen i emnet. Gjennomførd tyder at alle obligatoriske arbeidskrav i emnet er godkjende, med andre ord at studenten er eksamensklar.
Kursmateriell
Endeleg pensumliste vert lagt ut på Blackboard føre studiestart.
Ingen
Versjon: A
Studiepoeng:
15.0 SP
Studienivå: Høyere grads nivå
Termin nr.: 1
Undervises: VÅR 2025
Undervisningsspråk: Norsk
Sted: Trondheim
- Lærer- og lektorutdanning
- Samfunnsfag
Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning
Eksamensinfo
Vurderingsordning: Muntlig eksamen
- Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
- Høst UTS Muntlig eksamen 100/100 HJELPEMIDD 11.11.2024 10:00
-
Rom Bygning Antall kandidater - Vår ORD Muntlig eksamen 100/100 HJELPEMIDD
-
Rom Bygning Antall kandidater
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"