course-details-portlet

MGLU3101 - Norsk 2 (1-7): Lesing, skriving og muntlighet i ulike tekstkulturer

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Oppgave og muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Oppgave 0/100 Bestått/ Ikke bestått ALLE
Muntlig eksamen 100/100 25 minutter Bokstavkarakterer HJELPEMIDD

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på norsk 1. Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Undervisning i vitskapleg metode blir knytt til arbeid med FoU-oppgåve. Hovudområde 1: I dette området skal studentane få kunnskap om litteraturhistorie og ulike litteraturteoretiske perspektiv, og dei skal vidareutvikle kunnskapen om munnleg og skriftleg kommunikasjon. Tekstar frå norsk skjønnlitteratur og sakprosa blir sette inn i ein historisk samanheng, og teksttypar frå ulike medium blir studerte og vurderte. Studentane skal også få kunnskap om språkleg kommunikasjon i ulike medium og teoretisk kunnskap om samansette og digitale tekstar. Hovudområde 2: I dette området skal studentane vidareutvikle kunnskapen sin om norsk språk (system og bruk), og dei skal få omfattande kunnskap om norsk som andrespråk og talemålsvariasjon. Samisk språk og nabospråk er òg tema som inngår i emneområdet. Moglegheiter og utfordringar innafor skriftlege sjangrar og teksttypar blir utforska, og det blir arbeidd med analyse og vurdering av elevtekstar frå ulike trinn. Studentane si eiga skriving blir også tematisert, m.a. gjennom ulike former for respons og vurdering, revisjon og utprøving. Målet er at studentane som norsklærarar skal kunne arbeide kreativt og systematisk med skriving og leggje til rette for varierte skrivesituasjonar, slik at elevar med ulike føresetnader kan utvikle den skriftlege tekstkompetansen sin.

Læringsutbytte

Emnet er inndelt i to like store hovudområde som går parallelt i vårsemesteret. Læringsutbytteformuleringane blir ivaretekne i begge hovudområda.

KUNNSKAP

Studenten

  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar til skjønnlitteratur i ulike sjangrar og frå ulike tider
  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, begynnaropplæringa og den vidare leseopplæringa
  • har omfattande kunnskap om språket som system, språkleg variasjon og språket i bruk
  • har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan legge til rette for at elevar på 1.-7. trinn lærer å lese og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan bruke grammatikk-, språk- og tekstkunnskap i analyse av skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
  • kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 1.-7. trinn i samarbeid med andre

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad vere seminarbasert, med konsentrert det blir arbeid om eit gitt tema over tid og eit avsluttande framlegg. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at studentane bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Vurderinga er todelt og kjem ved semesterslutt:

  • Delvurdering 1 består av en individuell FoU-oppgåve. Alle hjelpemiddel er tillatne.
  • Delvurdering 2 består av en individuell munnleg eksamen. Individuelt munnleg framlegg med påfølgjande eksaminering. Retningsliner for munnleg eksamen blir gitt ved semesterstart. Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.

FoU-oppgåva er knytt til eitt av dei to hovudområda. Munnleg eksamen legg mest vekt på tema innan det hovudområdet som ikkje er knytt til FoU-oppgåva. Dersom ein kandidat ikkje består emnet, er det tilstrekkeleg å ta opp igjen den delvurderinga som er vurdert til stryk. Ved stryk på FoU-oppgåva er det høve til å levera forbetra oppgåve til vurdering éin gong (blir rekna som eksamensforsøk nummer to). Ved tredje eksamensforsøk må det leverast ei heilt ny oppgåve. Dersom ein kandidat ynskjer å forbetre karakteren i emnet, kan ho sjølv velje om ho vil ta opp berre den eine eller begge delvurderingane.

Det er høve til å klage på delvurderingar i emnet (gjelder ikkje munnleg eksamen).

Obligatoriske arbeidskrav:

I hovudområde 1 består arbeidskravet av: 1) eit munnleg framlegg i gruppe, og 2) gruppearbeid om samansette tekstar.

Det er obligatorisk frammøte i samband med munnlege gruppeframlegg og filmprosjekt.

I hovudområde 2 består arbeidskravet av et 1) munnleg framlegg i gruppe, det er obligatorisk frammøte i samband med munnlege gruppeframlegg, og 2) logg i etterkant av det einskilde temaområdet.

Det er i tillegg obligatorisk deltaking i rettleiingsøkter knytt til FOU-oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav vert vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Kandidatar som står i fare for å bli nekta å gå opp til eksamen pga. manglande arbeidskrav, skal varslast om dette, jf. gjeldande studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn (MGLU1-7) - enkelte retninger

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
LGU13011 15.0 HØST 2019
LGU13008 15.0 HØST 2019
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  30.0 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2025

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Norsk (norrøn)
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Oppgave og muntlig eksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst UTS Muntlig eksamen 100/100 HJELPEMIDD
Rom Bygning Antall kandidater
Høst UTS Oppgave 0/100 ALLE

Utlevering
20.11.2024

Innlevering
27.11.2024


09:00


09:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Muntlig eksamen 100/100 HJELPEMIDD
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Oppgave 0/100 ALLE INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU