course-details-portlet

MGLU2516 - Norsk 2 (5-10): Literacy, litteratur og litteraturdidaktikk

Om emnet

Nytt fra studieåret 2022/2023

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Hjemmeeksamen 100/100 78 timer

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på norsk 1 og omfattar norskundervisning for 5.-10. trinn med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Emnet gir òg studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne, mellom anna gjennom ulike former for respons og vurdering, utprøving og tekstrevisjon. Undervisning om vitskapleg metode inngår i arbeidet med fagtekstar.

Emnet fokuserer på teoretiske, litteraturhistoriske og didaktiske innfallsvinklar til arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i ulike sjangrar og medium. Film, teater og medietekstar blir sette inn i ein norskfagleg samanheng. Kunnskap om tekst og litteratur i arbeid med munnlege, skriftlege og samansette elevtekstar på 5.-10. trinn, med vekt på ungdomstrinnet, står sentralt.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, med vekt på litteratur for unge og vaksne
  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
  • har kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv og brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar, med vekt på ungdomstrinnet
  • har brei kunnskap om utviklingsfremjande arbeid med tekst og litteratur i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
  • har brei kunnskap om korleis gutar og jenter på ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing
  • har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan bruke kunnskap om tekst og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med litteratur i tradisjonelle og nye medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan legge til rette for at elevar på ungdomstrinnet får lese, skrive og diskutere både saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan kartlegge og vurdere munnlege og skriftlege ferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar, med vekt på ungdomstrinnet
  • kan vurdere ulike aspekt ved arbeid med litteratur og literacy og grunngi vurderingane

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 5.-10. trinn i samarbeid med andre
  • kan skrive akademiske fagtekstar på bokmål

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer, inklusiv forelesingar, studentaktive arbeidsformar (verkstad), gruppearbeid og studentfremlegg. Dei vil også møte både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad bli modulbasert, med konsentrert arbeid om eit gitt tema. Studiet fordrar stor eigenaktivitet av studentane. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane må bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at dei bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Obligatoriske aktiviteter

  • Fagtekst
  • Øvinger
  • Obligatorisk deltakelse i undervisning og verkstedsarbeid
  • Obligatorisk frammøte i forbindelse med muntlige gruppefremleggelser og større prosjekt

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav. Desse må vere godkjente for at studenten kan gå opp til eksamen:

  • Innlevering av ein fagtekst
  • Innlevering av øvingar
  • Obligatorisk frammøte og deltaking i undervisning og verkstadarbeid
  • Obligatorisk frammøte i forbindelse med munnlege gruppeframlegg og større prosjekt

Vurderingsordning for emnet:

  • Heimeeksamen (78 timar)

Eksamen blir vurdert med karakter (A-F).

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10)

Kursmateriell

Endeleg pensumliste blir lagd ut før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
MGLU2501 15.0 HØST 2022
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Videregående emner, nivå II

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Norsk (norrøn)
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Vår ORD Hjemme-eksamen 100/100

Utlevering
19.05.2023

Innlevering
23.05.2023


09:00


15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU