Emne - Norsk 2 (5-10): Literacy, språk og språkdidaktikk - MGLU2515
Norsk 2 (5-10): Literacy, språk og språkdidaktikk
Om
Om emnet
Faglig innhold
Norsk 2 bygger på norsk 1 og omfattar norskundervisning for 5.-10. trinn med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir meir omfattande kunnskap om sentrale språklege emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Emnet gir òg studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Undervisning om vitskapleg metode inngår i arbeidet med fagtekstar.
Emnet fokuserer på norsk språk (system og bruk), norsk som andrespråk, talemålsvariasjon, nabospråk og samisk i norskfaget. Eit sentralt arbeidsområde handlar om korleis ein kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i utviklingsfremjande arbeid med lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har kjennskap til språkstruktur og grammatikkens metaspråk
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
- har kjennskap til særtrekk ved den talespråklege praksisen til ungdom
- har brei kunnskap om inkluderande og utviklingsfremjande arbeid med språk og kommunikasjon i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
- har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking
FERDIGHEITER
Studenten
- kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse av tekstar i ulike sjangrar, modalitetar og medium, inkludert elevtekstar
- anvende grammatikkens metaspråk aktivt
- kan gi tilpassa språkopplæring for elevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan bruke kunnskap om mangfald i språk og kultur som ein ressurs i norskfaget
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese-, skrive- og munnlegopplæringa på 5. til 10. trinn
- kan vurdere ulike aspekt ved språkdidaktikk og språkleg mangfald og grunngi vurderingane
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til, kan vurdere og ta i bruk norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kjenner til enkelte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre norskfagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 5.-10. trinn i samarbeid med andre, og sjå samanhengar mellom teori og praksis
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk
Læringsformer og aktiviteter
Studentane vil møte varierte arbeidsformer, inklusiv forelesingar, studentaktive arbeidsformar (verkstad) og gruppearbeid. Dei vil også møte både formative og summative vurderingsformer.
Studiet fordrar stor eigenaktivitet av studentane. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff på eiga hand utanom den organiserte undervisningstida, deltar i gruppearbeid knyt til undervisinga og held seg oppdatert gjennom læringsplattforma. Vidare er det forventa at dei bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.
Obligatoriske aktiviteter
- Fagtekst
- Øvinger
- 80% obligatorisk frammøte og deltaking i undervisning og verkstadarbeid
Mer om vurdering
Obligatoriske arbeidskrav. Desse må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen:
- Innlevering av ein fagtekst
- Innlevering av øvingar
- 80 % obligatorisk frammøte og deltaking i undervisning og verkstadarbeid
Vurderingsordning for emnet:
- Skriftleg skoleeksamen (60%)
- Semesteroppgåve (40%)
Eksamen blir vurdert med ein samla karakter (A-F).
Studentane kan bli vurderte, pålagde arbeidskrav og oppmøte knytte til fellesfaglege tema.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger
Anbefalte forkunnskaper
Studenten bør ha gjennomført Norsk 1 (30 sp) eller tilsvarande for å kunne starte på Norsk 2. Gjennomført blir her forstått som at alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende, med andre ord at studenten er eksamensklar i Norsk 1.
Forkunnskapskrav
Ingen
Kursmateriell
Endeleg pensumliste blir lagd ut før studiestart.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| MGLU2501 | 15 sp | Høst 2022 |
Fagområder
- Lærer- og lektorutdanning
- Norsk (norrøn)
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator
Faglærere
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Høst 2025
Skriftleg skuleeksamen
Oppgitt rom kan endres og endelig plassering vil være klar senest 3 dager før eksamen. Du finner din romplassering på Studentweb.
Semesteroppgave
Innlevering 28.11.2025 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 09:00 Eksamenssystem Inspera Assessment
Utsatt eksamen - Vår 2026
Skriftleg skuleeksamen
Oppgitt rom kan endres og endelig plassering vil være klar senest 3 dager før eksamen. Du finner din romplassering på Studentweb.
Semesteroppgave
Innlevering 17.06.2026 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 09:00 Eksamenssystem Inspera Assessment