course-details-portlet

MGLU1502 - Norsk 1 (5-10) emne 2: Lesing, skriving og muntlighet

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Mappevurdering
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Mappevurdering 100/100 ALLE

Faglig innhold

Norsk 1, emne 2 legg vekt på literacy og dei grunnleggande ferdigheitene, lesing, skriving og munnlegheit. Studiet legg opp til variert arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Studenten

  • har omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon og om funksjonar som desse språkferdigheitene kan ha for elevars utvikling og læring
  • har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • har brei kunnskap om relevante teoriar og metodar i den vidare lese-, skrive- og munnlegopplæringa, med vekt på mellomtrinnet
  • har brei kunnskap om vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om nasjonale prøver og andre kartleggingsverktøy
  • har kunnskap om ulike typar norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • har byrjande kunnskap om nokre forskningsmetodar i norskfaget og kunnskap om etikk knytt til forskning som involverer elevar

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan bruke og vurdere relevant teori, relevante undervisningsmetodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekstar i ulike medium - kan tilpasse den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og nynorsk
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klasseromsamtalar med tanke på munnleg opplæring, med vekt på mellomtrinnet
  • kan kartlegge og vurdere elevars lesing, skriving og munnlegheit og gi elevtilpassa, læringsfremjande respons
  • kan vurdere ulike former for norskfaglege læremiddel, digitale og andre - meistrar skriftleg nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer, med kunnskap om den norske språksituasjonen som grunnlag.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan formidle norskfaglege innsikter knytte til arbeid med både skriftlege og munnlege tekstkulturar, og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan nytte faglege kunnskapar om skriftlege og munnlege tekstkulturar til kritisk og konstruktiv refleksjon kan leggje til rette for at arbeidet med skriftlege og munnlege tekstar kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Læringsformer og aktiviteter

Studiet inneber både fellesførelesningar, undervisning i seminarform og arbeid i mindre grupper. Studentane skal gjennom studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, også gjennom kollokviegrupper og gjennom læringsplattforma. Ved sida av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking i studiet.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske aktivitetar/arbeidskrav:

  • Fagtekstar
  • Øvingar
  • Obligatorisk deltaking i undervisning og verkstadarbeid

Vurderingsordning for emnet:

  • Individuell mappe. Mappa skal innehalde ein refleksjonstekst og inntil tre fagtekstar.

Målform: nynorsk. Informasjon om omfang, innhald og innleveringsform blir kunngjort tidleg i semesteret.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
LGU51009 15.0 HØST 2017
Flere sider om emnet
Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2025

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Norsk (norrøn)
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Mappevurdering

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst UTS Mappevurdering 100/100 ALLE

Utlevering
18.11.2024

Innlevering
25.11.2024


09:00


09:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Mappevurdering 100/100 ALLE INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU