course-details-portlet

LVUT8108 - Norsk 2 (5-10) emne 2 KFK

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Individuell mappevurdering
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Individuell mappevurdering 100/100

Faglig innhold

Emnet er konsentrert om to hovudområde:

Hovudområde A: Språk og språkdidaktikk

Korleis det norske språket og språksamfunnet har forandra seg, er ein viktig del av vår kulturarv, og det historiske perspektivet gir oss ei betre forståing av dagens norske språksamfunn. Samtidig veit vi at det norske språksamfunnet framleis er i endring, og studiar av vår tids språksamfunn er vel så viktig for å skape medvit omkring språk og språkfenomen. I dagens klasserom møter lærarar elevar som ikkje har norsk som førstespråk, og fleirspråklegheit og norsk som andrespråk vil vere sentrale tema emnet. I tillegg vil emnet innebere studiet av språkets oppbygging og grammatikkens plass i undervisinga.

Hovudområde B: Litteratur og litteraturdidaktikk

Hovudområde B dreier seg om teoretiske, litteraturhistoriske og didaktiske innfallsvinklar til arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i ulike sjangrar og medium. Kunnskap om tekst og litteratur med vekt på mellom- og ungdomstrinnet står sentralt. Emnet tematiserer også korleis lærarar kan vidareutvikle elevane sin litterære kompetanse og skape eit motiverande lesemiljø i klassen.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om språklege endringsprosessar i fortid og samtid, språkhaldningar og språkideologiar
  • har kunnskap om språkleg mangfald i Noreg, her iblant språkleg variasjon, minoritetsspråk og samiske språk
  • har vidareutvikla kunnskap om grammatikk og grammatiske omgrep
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråklege praksisar og norsk som andrespråk
  • har kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv og brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar, med vekt på 5.-10. trinn
  • har kunnskap om litteratur frå ulike tider, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har brei kunnskap om korleis elevar på 5.-10. trinn kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing

Ferdigheit

Studenten

  • kan bruke kunnskap om tekst og litteratur i analyse av tekstar, inkludert elevtekstar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere variert arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan legge til rette for at elevar på 5.-10. trinn får lese, skrive og diskutere både saktekstar og skjønnlitterære tekstar
  • kan vurdere ulike aspekt ved arbeid med litteratur og grunngi vurderingane
  • kan vurdere eigne didaktiske val i undervisning om grammatikk
  • kan bruke fleirspråklegheit som ressurs i norskfaget
  • kan reflektere kritisk over språkideologiar
  • kan vurdere ulike aspekt ved språkdidaktikk og grunngi vurderingane

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og forklare språklege og litterære fenomen
  • kan skrive fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis og grunngi vurderingane
  • kan identifisere behov og formålstenlege tiltak for fagleg utviklingsarbeid på eigen skole og/eller i eigen klasse

Læringsformer og aktiviteter

Samlingsbasert deltidsstudium.

Undervisninga mellom samlingane vil bestå av videoforelesingar, sjølvstudium, og innlevering av skriftlege arbeid. Dei obligatoriske samlingane vil inkludere forelesingar, verkstadprega arbeidsformer, gruppearbeid og erfaringsdeling. Gjennom heile studiet står studentane si eiga skriving, samhandling og refleksjon over samanhengar mellom teori og praksiserfaringar sentralt.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:

  • Innlevering av to individuelle fagtekstar undervegs i semesteret, ein på bokmål og ein på nynorsk.
  • Innlevering av inntil fire øvingar (for- og etterarbeid til samlingane)

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Eksamen:

Individuell mappeeksamen med refleksjonstekst og to individuelle fagtekstar

Alle hjelpemiddel er tillatne

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
KOMPiS Norsk 2, 5.-10. trinn (KNO2-5-10)

Forkunnskapskrav

Lærarutdanning eller tilsvarande og tilsetting i grunnskole eller vidaregåande skole. Norsk 1 (5-10) eller tilsvarande. Det visast til ein kvar tid gjeldande opptaksprosedyrar gitt av oppdragsgjevar. Studentkapasiteten i emnet følger av avtale med oppdragsgjevar eller tilsvarande.

Kursmateriell

Endeleg pensumliste leggast ut på Blackboard før studiestart.

Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Videreutdanning lavere grad

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2025

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Fagdidaktikk
  • Lærer- og lektorutdanning
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Administrativ enhet
Seksjon for utdanningskvalitet og læringsmiljø

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Individuell mappevurdering

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Vår ORD Individuell mappevurdering 100/100

Utlevering
13.06.2025

Innlevering
20.06.2025


09:00


15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU