Emne - Bygningsvern - KULMI2505
KULMI2505 - Bygningsvern
Om emnet
Vurderingsordning
Vurderingsordning: Prosjektoppgave
Karakter: Bestått/ Ikke bestått
Vurdering | Vekting | Varighet | Delkarakter | Hjelpemidler |
---|---|---|---|---|
Prosjektoppgave | 100/100 |
Faglig innhold
Innafor norsk kulturminneforvaltning står bygningsvernet sentralt. Dette krev kunnskapar om norsk bygnadshistorie, om innhenting og skaping av informasjon om bygningar og innsikt i relevante utfordringar i bygningsvernet. Gjennom varierte aktivitetar tar kurset sikte på å gi ei grunnleggjande praktisk og teoretisk innføring i bygningsvern.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har bestått emnet, er forventa å ha følgjande totale læringsutbytte i høve til studieplanens skildring av emnet, definert som kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Kandidaten
- har grunnleggjande kjennskap til verneteori brukt på bygningsvernet
- har oversiktskunnskap i norsk bygnadshistorie og i bygningsvernets historie
- har kjennskap til grunnleggjande terminologi om bygg og bygghandverk som del av ein bestillarkompetanse
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjennomføre ei enkel bygningsoppmåling og tilstandsvurdering
- kan innhente og samanstille informasjon om bygningar
- kan gjennomføre eit større prosjekt basert på gruppearbeid
- kan lage ei skriftlig framstilling av bygningsdokumentasjon med tilhøyrande kulturminnefaglige drøftingar
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar, seminar, ekskursjonar og feltarbeid. Kurset består av ein teoridel og ein praktisk del og har tyngdepunktet i andre del av semesteret. For å kunne levere den endelige prosjektoppgåva i emnet må studentane ha godkjent tre obligatoriske innleveringar. Aktiv deltaking er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.
Obligatoriske aktiviteter
- Obligatorisk innlevering
- Obligatorisk innlevering
- Obligatorisk innlevering
Mer om vurdering
Emnet krev aktiv deltaking på feltarbeid og ekskursjonar og har tre innleveringar undervegs som har vurderinga godkjent/ikkje godkjent. To av desse er individuelle oppgåver, den tredje kan vere enten individuell eller gruppeoppgåve. Emnet har ei avsluttande prosjektoppgåve basert på feltarbeid og litteraturstudium. Prosjektoppgåva gjennomførast i grupper på 3-5 personar og har vurderinga bestått/ikkje bestått. Tekstdelen av prosjektoppgåva skal ha eit omfang på 6-10 sider.
Anbefalte forkunnskaper
Gjennomført introduksjonskurs i kulturminneforvaltning (KULMI1000) er ein fordel, men ingen nødvendig føresetnad.
Forkunnskapskrav
Ingen obligatoriske forkunnskapskrav.
Kursmateriell
I tillegg til ei leseliste vil det bli delt ut materiell i tilknyting til ekskursjonar og feltarbeid som kan variere frå semester til semester.
Ingen
Versjon: 1
Studiepoeng:
7.5 SP
Studienivå: Videregående emner, nivå II
Termin nr.: 1
Undervises: VÅR 2025
Undervisningsspråk: Norsk
Sted: Trondheim
- Kulturminneforvaltning
- Historie
Ansvarlig enhet
Institutt for historiske og klassiske studier
Eksamensinfo
Vurderingsordning: Prosjektoppgave
- Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
- Vår ORD Prosjektoppgave 100/100 INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"