Emne - Historien i samfunnet - HIST1000
HIST1000 - Historien i samfunnet
Om emnet
Vurderingsordning
Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer
Vurdering | Vekting | Varighet | Delkarakter | Hjelpemidler |
---|---|---|---|---|
Skriftlig skoleeksamen | 100/100 | 4 timer | A |
Faglig innhold
Historia i samfunnet er eit fellesemne for studentar innan ulike program i historiske studiar. Emnet gir ein introduksjon til korleis historie, forstått som førestellingar om fortida, vert nytta av ulike aktørar og har ulike funksjonar i samfunnet. Gjennom ulike aktivitetar, slik som gruppearbeid, ekskursjonar og forelesingar, får studentane ei brei innføring til historiebruksfeltet. Dette er eit tverrfagleg felt med stor relevans for ulike studieprogram der omgrep som til dømes fortid, minne, historiemedvit og identitet står sentralt. Eit viktig aspekt ved dette emnet er å lære å bruke teori frå dette feltet til analyse og diskusjon av konkrete døme på bruk av historie i samfunnet.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har bestått emnet, er forventa å ha følgjande totale læringsutbytte, definert som kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Kandidaten
- kan skilje mellom og forklare ulike former for historiebruk og korleis desse har prega og pregar samfunnet
- har kjennskap til og forståing for sentrale omgrep, tema og typologiar knytt til historiebruksfeltet. Sentrale omgrep inkluderer fortid, historie, historiebruk/historiedidaktikk, førestilling, forteljing, historiemedvit, identitet, kollektive minne, sted og materialitet, myte og nasjon. Sentrale tema inkluderer historiebruk i identitetsdanning, nasjonsbygging, til kvardags og i kommersielle samanhengar, samt bevaring og formidling av historie institusjonar (til dømes skule, museum og arkiv).
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan identifisere og analysere rolla til historie i sentrale prosessar i samfunnet
- kan anvende forklaringsmodellar, teoriar og omgrep frå historiebruksfeltet til å drøfte historiebruk i konkrete døme
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar, ekskursjonar, gruppeoppgåver og loggføring av læringsaktivitetar og -prosess. Skriving av logg knytt til gruppearbeid og skriving av opptil 10 oppgåver som del av gruppearbeidet er obligatoriske aktivitetar. Ved spesielle tilfeller kan fjernstudentar søke om fritak frå gruppearbeidet og i staden skrive ei lengre oppgåve.
Obligatoriske aktiviteter
- Inntil 10 oppgaver med tilhørende logg
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Forkunnskapskrav
Ingen
Kursmateriell
Sjå pensumliste som vert oppgitt ved semesterstart, samt anna materiell (planar og info) på Blackboard.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra | Til |
---|---|---|---|
EXFAC0015 | 7.5 | HØST 2019 |
Ingen
Versjon: 1
Studiepoeng:
7.5 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I
Termin nr.: 1
Undervises: HØST 2024
Undervisningsspråk: Engelsk, Norsk
Sted: Trondheim
- Kulturminneforvaltning
- Arkeologi
- Historie
- Lærer- og lektorutdanning
Ansvarlig enhet
Institutt for historiske og klassiske studier
Eksamensinfo
Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
- Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
- Høst ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 A 03.12.2024 09:00 INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater SL110 hvit sone Sluppenvegen 14 64 SL310 lilla sone Sluppenvegen 14 5 SL274 Sluppenvegen 14 4 SL120 Sluppenvegen 14 6 SL271 Sluppenvegen 14 4 SL110 lilla sone Sluppenvegen 14 48 SL110 turkis sone Sluppenvegen 14 80 - Vår UTS Skriftlig skoleeksamen 100/100 A 04.06.2025 15:00 INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater SL111 brun sone Sluppenvegen 14 3
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"