Emne - Faseoverganger og kritiske fenomener - FY8303
Faseoverganger og kritiske fenomener
Velg studieårUndervises ikke studieåret 2024/2025
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet undervisast neste gong hausten 2025.
Faseovergangar. Eigenskapar nær kritiske punkt. Fleirkomponent Landauteori. Universalitetsklassar. Oversikt over enkle modellar. Skalering. Korrelasjonsfunksjonar. Renormaliseringsteori: Direkterom og k-rom renormalisering. Kosterlitz-Thouless overgangen. Kort introduksjon til gauge-teorier.
Læringsutbytte
Studenten skal oppnå betydelig grad av innsikt i ulike typar faseovergangar og korleis desse kan beskrivast teoretisk på forskjellige måter, til dømes med renormaliseringsteori. Kurset er godt egna for PhD-studentar som ønsker ei innføring i avansert statistisk fysikk.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar. Frivillige rekneøvingar. Når undervisning og undervisningsmateriell er på engelsk, gjes eksamen normalt kun på engelsk.
Mer om vurdering
Utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan bli endra frå skriftleg til munnleg.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Biofysikk (PHBIFY)
Fysikk (PHFY)
Anbefalte forkunnskaper
Det forutsettast at deltakerane har gjennomgått innføringskurs i termodynamikk og statistisk mekanikk. Emnet er teknisk krevjande, slik at det er nødvendig med gode matematikkferdigheiter. Rekneøvingar utgjer ein essensiell del av arbeidet i emnet.
Kursmateriell
Avtalast ved starten av kurset.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra |
---|---|---|
DIF4941 | 7,5 sp | |
FY3106 | 7,5 sp | Høst 2018 |
Fagområder
- Fysikk