Emne - Natur og bærekraft - BI6002
Natur og bærekraft
Velg studieårNytt fra studieåret 2024/2025
Om
Om emnet
Faglig innhold
Kurset vil gje ei fagleg forståing av natur, økosystem og biodiversitet som er grunnlaget for vidare arbeid med berekraftrapportering og vurdering av miljømessig berekraft i finansnæringa sitt arbeid internt og mot kundar. Studentane vil få ei grunnleggande innføring i natur, økosystem og biodiversitet, endringar i desse og årsakene til tap av naturmangfald. Internasjonale avtalar og nasjonale lovverk som har som formål å stansa tap av natur, i tillegg til andre relevante regelverk, vil verta gjennomgått. Kunnskap om norske økosystem, deira tilstand og korleis dei vert påverka av ulike sektorar i samfunnet vil verta knytt opp til FN sitt rammeverk for naturrekneskap (System of Environmental Economic Accounting, SEEA), arealnøytralitet og kompenserande tiltak slik som naturrestaurering. Dette vert sett i samanheng med sirkulærøkonomi. Naturens goder (økosystemtenester), ein sentral komponent i SEEA, vil verta drøfta opp mot Naturpanelet (IPBES) sitt arbeid om verdien av natur. Kunnskapsgrunnlaget for norsk natur og korleis dette kan brukast til å dokumentera påverknad på økosystem og biodiversitet frå ulike næringar vil verta knytt opp mot SEEA.
Tema som vert gjennomgått er:
- Kvifor har me ei naturkrise og kva er konsekvensane for samfunn og næringsliv?
- Sentrale avtalar, lover og regelverk for natur og biodiversitet
- Arealnøytralitet, naturrekneskap og komponentane som inngår der
- Kvar finn ein kunnskap finst om dei ulike komponentane i naturrekneskap?
- Kva fortel denne kunnskapen oss, og kva er begrensingane?
- Korleis vurdera påverknad av ulike typar verksemd på natur, økosystem og biodiversitet?
Læringsutbytte
- Forstå sentrale omgrep om økologi, biodiversitet og miljømessig berekraft
- Forstå kvifor natur, økosystem og biodiversitet er viktig i eit berekraftperspektiv
- Kunnskap om norske økosystem og korleis ulike sektorar påverkar dei
- Forstå kva eit naturrekneskap er, kva det kan brukast til, og kva kunnskap som inngår i dei ulike komponentane
- Ei forståing av konseptet "Arealnøytralitet" og korleis ulike tiltak slik som restaurering og kompenserande tiltak kan bidra til arealnøytralitet ved omdisponering av areal
- Kjenna til kunnskapskjelder om norske økosystem og biodiversitet, deira moglegheiter og begrensingar når det kjem til å dokumentera påverknad på økosystem og biodiversitet
- Vera i stand til å kritisk vurdera dokumentasjon på berekraft når det gjeld natur, økosystem og biodiversitet
Læringsformer og aktiviteter
Digital undervisning. Digitalt oppmøte vert registrert ved kontrollspørsmål i den digitale undervisninga.
Fysisk samling med forelesingar og gruppearbeid
Obligatoriske aktiviteter
- Digital oppmøte
- Oppmøte fysisk samling
Mer om vurdering
Digital heimeeksamen, 2 timar. Alle hjelpemiddel tillatne.
Ved stryk eller gyldig fråvær kan ny eksamen gjennomførast neste semester
Kursmateriell
Vert opplyst om ved kursstart / digitalt kompendium
Fagområder
- Biodiversitet
- Biologi