Emne - GIS som planverktøy - AAR4841
GIS som planverktøy
Velg studieårOm
Om emnet
Faglig innhold
Kunnskap om geografisk informasjonssystem (GIS) som eit viktig metodeverktøy for fysisk planlegging. Innføring i og øving med aktuelle GIS-verktøy, som ArcGIS eller QGIS.
Læringsutbytte
Kunnskapsmål: Funksjonalitet og verkemåte til geografiske informasjonssystem. Grunnleggande om geografiske data og referansesystem, kartografi og kartografiske verkemiddel, relevant for behov og metodetilfang i fysisk planlegging. Datastrukturar, datamodellar og geografiske/romlege analyseteknikkar som blir brukte til undersøking og framstilling av plangrunnlag, planpresentasjon og konsekvensanalyse. Tilfanget av norske datakjelder, og bruken av dei i analyse og planframstilling.
Ferdigheitsmål: Tilrettelegging av geografiske data i eit GIS, klargjering for analyse- eller framstillingsformål. Grunnleggande om redigering av kartdata. Bruk av 2D og 3D framstillingsmåtar som viser plangrunnlag og -resultat på ein lettfatteleg måte. Bruk av GIS-funksjonar for planretta analyser av lokaliseringsvilkår eller konsekvensar av plangjennomføring.
Generell kompetanse: Å gjere bruk av tileigna kunnskap og ferdigheiter på mange ulike oppgåver relatert til geografisk analyse og fysisk planlegging.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og dataøvingar i konsentrerte workshops.
Obligatoriske aktiviteter
- Øving
Mer om vurdering
Utsett eksamen blir normalt lagt til neste ordinære eksamensperiode.
Både øvingar og skriftleg eksamen må vere bestått for å få karakter i emnet. Karakter på øvingsarbeid kan inngå i karaktergrunnlaget ved utsett eksamen eller gjentak, i inntil 1,5 år etter beståtte øvingar.
Forkunnskapskrav
Minimum bachelorgrad eller tilsvarende.
Kursmateriell
Pensumbok blir kunngjort før semesterstart, i tillegg blir øvingskompendium distribuert.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra |
---|---|---|
TBA4240 | 5 sp |
Fagområder
- By- og regionplanlegging
- Arkitektur
- Planfag